Hopp til innhald

SYKH101 Sjukepleie - Ansvar og funksjon

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

I dette emnet skal du som student tileigne deg kunnskap om sjukepleiarrolla og sjukepleiaren sitt ansvars- og funksjonsområde i forhold til pasienten sine grunnleggjande behov.

Du skal tilegne deg kunnskap om mikrobiologi, basale smittevernrutinar, etikk, jus, og sjukepleie til eldre. Basert på denne kunnskapen skal du anvende sjukepleieprosessen for å planlegge, gjennomføre og evaluere sykepleie.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha oppnådd følgande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:

Studenten…

  • har brei kunnskap om mennesket sine grunnleggjande behov
  • har kunnskap om etisk refleksjon, samt sentrale verdiar og omgrep i sjukepleie
  • har kunnskap om korleis sjukepleiaren gjennom kliniske vurderingar og avgjersler nyttar sin helsefremmande, førebyggande, behandlande, rehabiliterande og lindrande funksjon, inkludert palliasjon
  • har kunnskap om aldringsprosessen,
  • har kunnskap om personsentrert sjukepleie
  • har kunnskap om kvalitet og pasienttryggleik innanfor pleie- og omsorgstenesta
  • har kunnskap om gjeldande myndighetskrav og lovverk innafor helse- og sosialfeltet.
  • har kunnskap om mikrobiologi, antibiotika bruk og resistensutvikling
  • har brei kunnskap om smitterisiko og infeksjonsforebyggande tiltak

Ferdigheiter:

Studenten...

  • viser til fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid

Generell kompetanse:

Studenten…

  • formidlar sentralt fagstoff, problemstillingar og løysingar
  • kjenner til standard terminologi i dokumentasjon av sjukepleie

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Digitale ressursar
  • Arbeid i grupper
  • Studentaktiv læringsformer
  • Ferdigheitstrening/ simulering
  • Rettleiing
  • Skriftleg arbeid
  • Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitet må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • 80 % oppmøte og deltaking i studentaktive læringsformer, omfang kjem fram av timeplan.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 5 timar.

Tid og stad for eksamen blir gitt på Studentweb.

Vurderingsuttrykk

Gradert karakterskala A til F, der A til E er bestått karakter og F er ikkje bestått karakter.

Ny eksamen gjennomførast med same form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel