Hopp til innhald

SYKH331P Sjukepleie i møte med psykiske lidingar og ruslidingar

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet gjev studentar ein innføring i sjukepleie retta mot pasientar med psykiske lidingar og rusmiddellidingar. Gjennom kombinasjon av pedagogiske læringsaktiviteter og rettleia praksis, vil studentane utvikla klinisk vurderings- og beslutningskompetanse som er avgjerande for helsefremmande arbeid, førebygging, behandling og rehabilitering.

Emnet vektlegg miljøterapeutiske prinsipp, tverrfagleg samarbeid, pasienttryggleik og brukarmedverknad. Emnet omfatter både teoretisk kunnskap og praktiske ferdigheter, gjev innblikk i etiske, juridiske og faglege aspekter ved sykepleie innen psykiske lidingar og rusmiddellidingar.

Emnet sitt arbeidsomfang er rekna til 405 timar. Av desse timane er 210 timar knytt til direkte pasientretta arbeid. Dei resterande timane er knytt til obligatoriske læringsaktivitetar og sjølvstudium. 

Det er krav om 90% deltaking i praksis. 

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha oppnådd følgande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskap:

Studenten…

  • har brei kunnskap om psykisk helse og dei vanlegaste psykiske lidingane, sjukdomar, behandling og behandlingsforløp
  • har kunnskap om rus og avhengighet
  • har brei kunnskap om kommunikasjons- og relasjonskompetanse inkludert kulturelle og språklege variasjonar
  • har kunnskap om sjukepleier sitt funksjons- og ansvarsområde innan psykisk helsevern/helsearbeid og rusarbeid
  • har kunnskap om gjeldande lovverk og tvangsbestemmelse
  • har kunnskap om etisk, fagleg og juridisk refleksjon knytt til psykisk liding og beslutningskompetanse

Ferdigheiter:

Studenten…

  • kan anvende fagleg kunnskap om helse og sjukdom for å systematisk observere, kritisk vurdera, beslutta, iverksette og dokumentera hensiktssmessige sjukepleietiltak, samt evaluera effekten av desse og justere ved behov
  • kan beherska omgrep og terminologi i sjukdomslære og farmakologi
  • kan nytte fagleg kunnskap for å sikre eit koordinert, heilskapleg og samanhengande behandlingsløp på tvers av verksemder og nivå, gjennom tverrfagleg, tverrprofesjonell og tverrsektoriell samhandling
  • kan vurdere situasjonar som kan utvikle seg truande for pasientar og ansatte, og kan iverksette tiltak for å forebygge slike hendingar
  • kan reflektere over og handtere faglege, etiske og juridiske problemstillingar i tråd med gjeldande lover og retningslinjer, samt justere eigen praksis i si tenesteutøving
  • kan anvende samvalg til å støtte pasienter i beslutninger ved utredning, behandling og oppfølging med utgangspunkt i pasientens helsekompetanse
  • kan nytte oppdatert kunnskap om helse- og velferdssystemet, lover, regelverk og rettleiingsdokument
  • kan dokumentere sjukepleie og beherske journalsystem
  • kan nytte kunnskap for å setje i verk tiltak som fremmer god psykisk helse
  • kan nytte kunnskap om utredning, behandling og oppfølging for å understøtte pasientens avgjerdsgrunnlag

Generell kompetanse:

Studenten…

  • kan planlegge og gjennomføre kommunikasjon og samhandling med pasienter og pårørende som ivaretar respekt, medbestemmelse og integritet, og som bygger på kulturforståelse og kulturkompetanse
  • kan planlegge og gjennomføre forsvarlig legemiddelhåndtering, herunder legemiddelregning, og kvalitetssikre den enkelte pasients legemiddelbehandling
  • kan formidle fagleg kunnskap og relevant resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i teoretiske og praktiske problemstillingar både skriftleg og munnleg, og kan grunngje val i tråd med kunnskapsbasert praksis
  • kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innanfor fagområdet både skriftleg og munnleg, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
  • har innsikt i utvikling og bruk av teknologi og digitale løysingar på individ- og systemnivå i helsetenesta
  • har innsikt i sosiale og helsemessige problem inkludert omsorgssvikt, vald, overgrep, rus- og sosioøkonomiske problem og kan identifisere og følge opp menneske med slike utfordringar, samt kunne setje inn naudsynte tiltak og/eller behandling, eller vise vidare

Krav til forkunnskapar

SYK100, SYK 110, SYK130, SYK140, SYK120P eller SYK231

Tilrådde forkunnskapar

SYK270

Undervisnings- og læringsformer

  • Rettleia praksis
  • Undervisning
  • Arbeid i grupper
  • Digitale ressursar
  • Formidling frå studentar
  • Ferdigheitstrening
  • Simulering
  • Rettleiing
  • Medstudentrespons
  • Eigenvurdering
  • Oppgåveløysing
  • Skriftleg arbeid
  • Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Fylgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan framstille seg til eksamen:

  1. Obligatorisk deltaking i undervisning som er knytt til praksisførebuing, ferdigheitstrening og simulering. Krav om 90% deltaking praksisstudiar.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen 5 timer

Vurderingsuttrykk

Gradert karakterskala A til F, der A til E er bestått karakter og F er ikkje bestått karakter.

Ny eksamen gjennomførast med same form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel