Hopp til innhald

BARN110 Danning og akademisk handverk

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet skal utvikle studentane sin kunnskap om ulike profesjonar, forståing av eige fagområde og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i høve til berekraftig utvikling for å fremja perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.

Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men har også i seg ønskje om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (til dette høyrer likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).

Danning seier noko om korleis personlegdom, oppførsel og moral til eit menneske formast i eit samfunn. Menneskets evne til å forma seg og la seg forma med utgangspunkt i kunnskap, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leva på ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere og gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen.

Utdanning byggjer menneske og samfunn. Utdanning er mennesket si tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner, ein viktig del av danninga som set mennesket i stand til å delta i eit samfunn i endring.

Skriveprosessen står sentralt i ei akademisk utdanning, og det akademiske handverket er i emnet knytt til å skrive akademiske tekstar.

Emnet er eit fellesemne for alle bachelorstudia ved HVL og vert gjennomført i første semester.

Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten...

  • har kunnskap om vitskaplege arbeidsmetodar og forskingsbasert kunnskap
  • har kunnskap om relevansen av profesjonell kompetanse og om forholdet mellom teori og praksis i eigen profesjon eller i eige fagområde
  • har kunnskap om forholdet mellom profesjonell kompetanse, arbeidsliv og samfunn
  • har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid
  • har kunnskap om etikk og berekraft

Ferdigheit: Studenten...

  • kan reflektere over sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og vitskapane generelt, og i tilegg trekke inn etiske problemstillingar knytt til desse.
  • kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging
  • kan bruke fagleg kunnskap i fagleg tekst som tilfredsstiller akademisk krav

Generell kompetanse: Studenten...

  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver som strekker seg over tid, både aleine og som deltakar i ei gruppe
  • kan utveksle og diskutere faglege synspunkt og vere kritisk til eige fagområde og viskapen generelt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta studentaktive læringsformer og ein omvendt klasserompedagogikk med digitale ressursar i emnet i Canvas.Undervisnings- og læringsformene vil variere mellom ressursforelesningar og aktivitetar som fremjar refleksjon og gruppetilhøyrsle. Studentane får rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får framstille seg til eksamen i emnet:

- Individuelt refleksjonsnotat knytt til berekraft og eigen profesjon eller eige fagområde. Refleksjonsnotatet skal vere på 500 ord.

- Digitalt kurs i informasjonskompetanse for å kunne finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.

- Deltaking i gruppearbeid med rettleiing knytt til å kunne formidle sentralt fagstoff, diskusjonar om berekraft samt refleksjon omkring eige fagområde og til vitskapane generelt.

Ved fråver frå obligatoriske læringsaktivitetar gjeld same reglar som for fråver i praksis jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL.

Vurderingsform

Skriftleg gruppeoppgåve, lengde 1500 ord +/- 10%

Vurderingsuttrykk Bestått/Ikkje bestått

Ny eksamen Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere omarbeidd versjon seinast ved utgangen av påfølgjande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle. For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NABP1003 - Danning og akademisk handverk - Sjømannskap - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • BØA119 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SOS110 - Danning og akademisk handverk - Sosiologi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • SA597 - Danning og akademisk handverk - historie - Reduksjon: 5 studiepoeng