BARN140 Førebyggande og miljøterapeutisk arbeid aktivitetar i miljøterapeutisk arbeid
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Dette emnet har fokus på førebyggande og miljøterapeutisk arbeid. I emnet vert studenten introdusert for miljøterapi som omgrep og arbeidsform og korleis nytte dette i ulike oppvekstarena og i arbeid med utsette barn og unge. Studentane vel aktivitetsfag, og undervisninga i aktivitetsfaga er tilpassa bruk av aktivitetar saman med born og unge i ulike oppvekstarena. I dette emnet skal studentane òg få kunnskap om ulike ungdomsliv og om marginalisering.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten…
- har kunnskap om førebygging, miljøterapeutisk arbeid og utviklingsstøttande omsorg.
- har kunnskap om korleis bruke aktivitetsfag i førebyggande og i miljøterapeutisk arbeid.
- har kunnskap om ungdom og dei unge sine arenaer, om marginalisering og sosial eksklusjon
Ferdigheit: Studenten...
- kan planlegge og gjennomføre aktivitetar med barn og unge som fremjar, leik, læring, inkludering, meistring og deltaking.
- kan samhandle med barn og unge
Generell kompetanse: Studenten...
- kan legge til rette for aktivitetar for barn og unge
- har innsikt i førebygging og miljøterapi som metode i barnevernsfagleg arbeid.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
- BARN100 Barnevernspedagogen sitt fag og yrkesfelt
- BARN110 Danning og akademisk handverk
- BARN120: Barnevernet i velferdsstaten
- BARN130: Barn og unges oppvekst og utvikling
Undervisnings- og læringsformer
Undervisnings og læringsformer vekslar mellom forelesing, seminar, gruppearbeid, arbeid i basisgrupper og praktiske aktivitetar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- 80 % frammøte i undervisning
Vurderingsform
Eksamen Individuell munnleg eksamen på 30 minutt.
Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er bestått karakterar og F er ikkje bestått.
Ny eksamen Ny eksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BVP5-311 - Utvikling av positive læringsmiljø - Reduksjon: 5 studiepoeng
- BVP5-205 - Kommunikasjonskompetanse, ungdom og marginalisering - Reduksjon: 2,5 studiepoeng