EM6-3000 Anvendt finans for eigedomsmarknadenre
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Dette kurset tek føre seg 3 delemne:
- Analyse av ulike makroøkonomiske faktorar som påverkar bustadmarknaden og den gjensidige påverknaden mellom endring i bustadprisar og konjunkturutvikling
- Verdsetjing av bustader og næringseigedom
- Utrekning av kontantstraumar og internrente knytt til ulike lånetypar
Bustadmarknaden er ein av dei største, og viktigaste, marknadene i eit land sin økonomi. I dette kurset vil du lære kva makroøkonomiske faktorar (som t.d. arbeidsløyse og rentepolitikk) som påverkar talet på omsette bustader og prisutviklinga på desse. Kvifor har bustadprisane i Noreg auka, nesten samanhengande, dei siste 30 åra og kvifor kan bustadprisane svinga mykje i periodar? Dette er døme på problemstillingar som vert handsama i dette kurset. Med ujamne mellomrom tek bustadprisane "heilt av", og me får ei bustadboble. Når denne sprekk sender det ofte landet ut i ein djup nedgangskonjunktur med stort fall i verdiskaping og sysselsetjing. Du vil her læra kvifor slike bustadbobler oppstår, kva verknader desse har for resten av økonomien og kva styresmaktene kan gjera for å førebyggja bobler og dempa verknadene av dei.
Dei fleste skal ein eller fleire gonger i livet investera i ein bustad, og nokre skal og kjøpa ein næringseigedom. For eigedomsmeklarar er verdsetjing av eigedomar ein del av yrket. I dette kurset vil du læra å verdsetja ein næringseigedom ved å nytta kontantstraumsmetoden og ulike metodar for å verdsetja ein bustadeigedom, som t.d. samanlikningsmetoden.
Kjøp av bustad, fritidseigedom, næringsbygg og andre store investeringar vert oftast delvis finansiert med lån. Kurset inneheld difor ei innføring i utrekning av terminbeløp og internrente for fastrentelån og ulike typar av lån med periodevis renteregulering med høvesvis rentetak og tak på terminbeløpet.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
- forstå kva for makroøkonomiske storleikar som påverkar omsetnaden og prisen på bustader og næringseigedomar
- Forstå den historiske utviklinga i bustadprisane
- Kjenna til ulike verdsetjingsmetodar for bustadeigedomar
- Kjenna til korleis ein fastset avkastingskravet og korleis ein verdset ein næringseigedom
Dugleikar:
- Kunna analysera korleis endringar i makroøkonomiske storleikar som m.a. rente, arbeidsløyse, sysselsetjing, inflasjon og forventningar påverkar omsetnaden av bustader og bustadprisane
- Kunna gjera greie for kva faktorar som høvesvis skapar ein bustadboble og eit bustadkrakk.
- Kunna gjera greie for kva styresmaktene kan gjera for å dempa prissvingingane på bustadmarknaden
- kunna rekna ut avkastinga på ein næringseigedom
- kunna gjera greie for, og nytta, ulike metodar for verdsetjing av bustader
- kunna rekna ut internrenta på fastrentelån og på lån med periodisk renteregulering
Generell kompetanse:
- kunne følgja med på, og forstå, utviklinga på eigedomsmarknaden
- har innsikt i korleis bustadprisane vert påverka av endringar i, mellom anna, rentenivå og arbeidsløyse
- får eit betre grunnlag til å vurdera om når vi er inne i ei bustadboble.
- Kan gjera verdivurderingar av bustader og næringseigedomar.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BØA118 Makroøkonomi, BØA204 Investering og Finansiering og BØA111 Matematikk for økonomar, eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar med oppgåveløysing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt skriftleg arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i gruppe på inntil 4 studentar.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter. Skala A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator
Meir om hjelpemiddel