GE448 Snø og snøskred
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Kursinnhald er delt inn i tre modular: (1) prosesser i snødekke, (2) danning av snøskred, (3) evaluering og reduksjon av skredfaren samt (4) snøskredmodellering. I den første modulen følger studentane snøen på veg frå atmosfæren til bakken med fokus på prosesser som fører til danning av lag i snødekke. I felt graver studentane snøprofiler og lærer å skilje lag i snøen med omsyn til kornstorleik, kornform, hardheit, tettheit og fuktegheit. I den andre modulen jobbar studentane med fysikken bak stabilitet og ustabilitet i snødekke, inkludert snømekanikk og bruddmekanikk. På ein til to feltdagar evaluerer studentane ustabilitet og romleg variabilitet gjennom ein rekke stabilitets- og skjærprøver. I den tredje modulen blir studentane kjent med risikoakseptmodellen, skredvarsel, sikringstiltak, kartlegging av faresone gjennom fleire gjesteforelesingar av snøskredfagpersoner. I siste modulen får studentane praktisk erfaring med de mest brukte numeriske snøskredmodellane og her knyttast kunnskapen frå de først tre modulane saman.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studentane vil ha:
- kunnskap om korleis vêr og klima påverkar snøfordeling, frå småskala til fjellkjede-skala.
- innsikt i de fysiske prosessane som fører til danning av snø i atmosfæren og omdanning av snø på bakken.
- kunnskap om ulike typar snøskred og skreddannings-prosessar
- kunnskap om skredfareanalyse, skadeavgrensing og førebygging
Ferdigheiter
Studentane kan:
- beskrive eit snøprofil i felt og skilje lag i snøen i høve kornstorleik, kornform, hardheit, tettheit og fuktegheit
- vurdere stabiliteten av snødekket ved hjelp av ulike stabilitets- og skjærprøver i felt
- vurdere en snøskredhending med omsyn til dei underliggande fysiske prosessane på små- og storskala
- identifisere skredterreng og skredløp ved hjelp av ulike kartkjelder og/eller i felt
- estimere og bedømme kritisk utløpslengde beregnet med empirisk-statistiske og dynamiske modeller
- identifisere og utnytte relevant forskingsresultat frå vitskapelege tidsskrift
Generell kompetanse
Studentane kjem til å:
- ha ein forståing av dei store tema, fakta og problemstillingar knytt til danning av snødekke og snøskred samt skredfarevurdering, skadeavgrensing og førebygging
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
- FY400 Innføring i fysikk
- Erfaring med og utstyr for å ferdast på snø (fjellski, toppturski, ...) i vintervêr er ein fordel men ikkje eit absolutt krav.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar, gruppearbeid og 4-5 dagar med feltpraksis.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Deltaking i feltarbeid (4-5 dagar)
- Innlevering av feltobservasjoner frå feltdagane i RegObs
- Presentasjon på ein av feltdagane
- Arbeide med og presentere snøskredmodellering tilfellestudie
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. Bokstavkarakter A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator
Ordbok på studenten sitt morsmål
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- GE4-303 - Snø og snøskred - Reduksjon: 10 studiepoeng