GE491 Bacheloroppgåve i geologi
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Bacheloroppgåva er det avsluttande emnet i bachelorutdanninga og vert gjennomført i siste studieår. Studentane skal gjennomføre ei sjølvstendig forskingsretta oppgåve med utgangspunkt i realistiske forskingsspørsmål der det vert kravd kunnskapar og ferdigheiter frå sentrale tema i studiet. Oppgåva er innanfor geologi, og tema må veljast innan fagfelt der ein har rettleiingskompetanse og kapasitet ved instituttet. Arbeidet blir normalt utført i grupper, og kan bli knytt opp mot oppdrag og forskingsprosjekt som instituttet er engasjert i, eller i samarbeid med ekstern samarbeidspartner.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten
- har brei kunnskap om sentrale tema og kan ta i bruk ny kunnskap innan sjølvvald del av fagområdet for geologi
- kan samle inn og tolke data, samt presentere og diskutere resultata i ei skriftlig oppgåve
- har evne til vitskapleg analyse og refleksjon, og veit kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjennomføre eit sjølvstendig prosjektarbeid
- kan gjennomføre innsamling av datamateriale og analysearbeid på ein kritisk og reflektert måte
- kan presentere eit sjølvstendig arbeid både skriftleg og munnleg på ein systematisk og vitskapleg måte
- kan søke fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i relevante fagdatabasar.
- meistrer referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk.
- søke fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale fagdatabasar.
- meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk.
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjere sjølvstendige utgreiingar med vurderingar av viktige geologiske forskningsspørsmål.
- Kan definere forskningsspørsmål og målsetting, gjere greie for metodar, finne fram til og bruke litteratur og kjelder på ein korrekt måte.
- kan gje ei balansert framstilling av temaet.
- Kan byggje opp og presentere ein fagleg oppgåve og kan formidle hovudtrekka i oppgåva på ein forståeleg måte (skriftleg og munnleg).
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studenten bør ha greidd 90 studiepoeng av emna i bachelorstudiet i geologi og geofare eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Sjølvstendig studentarbeid med rettleiing av ein eller fleire faglærarar. Det er normalt at 2 - 3 studentar går saman om ei oppgåve. Ein kan ikkje vere meir enn 3 studentar i ei gruppe.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Obligatorisk deltaking på samlingar.
- Innlevering av innleiing og framdriftsplan
- Munnleg presentasjon av oppgåve i grupper før innleveringsfriste
Alle aktivitetar må vere gjennomført innan gitte fristar
Vurderingsform
Bacheloroppgåve. Bokstavkarakter: A-F, der F svarer til ikkje bestått
Dersom bacheloroppgåva er skriven i ei gruppe gjeld reglane for gruppeeksamen og karakteren er lik for heile gruppa. Ved ikkje bestått eksamen kan gruppa levere forbedra versjon i påfølgjande semester.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne.
Sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)
Meir om hjelpemiddel