JU5-105 Juridisk metode
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet Juridisk metode tar for seg rettskjeldelæra, som er dei prinsippa, normene og retningslinene som ein må nytte når ein tek stilling til rettsspørsmål. Her vert rettskjeldeprinsippa og dei tilknytta verdiane studert, mens ein i andre fag nyttar rettskjeldeprinsippa i løysinga av juridiske problemstillingar. Emnet sitt hovudfokus er retta mot relevans-, slutnings- og vekt-/harmoniseringsprinsippa. Det vil også gi forståing av at rettskjeldebilete, og dermed den juridiske argumentasjonen, kan variera mellom ulike rettsområde.
Emnet byggjer på innføringa i juridiske metode gitt i JU5-100 - Examen facultatum (juridisk forprøve).
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten skal ha innsikt i juridisk metode og grundige kunnskapar om rettskildeprinsippa, som er dei normene, prinsippa og retningslinene ein nyttar når ein tek stilling til rettslege problemstillingar med serleg vekt på sentrale relevans-, slutnings- og vekt-/harmoniseringsprinsipp.
Ferdigheiter
Studenten kan kunne nytte sine kunnskapar i juridisk metode til å analysere konkrete dommar frå Høgsterett. Til dømes skal studenten kunne vise korleis ein i konkrete dommar har nytta rettskjeldeprinsippa, og herunder prinsippa for lovtolking, prinsippa for bruk av ulovfesta rett og prinsippa for regeldanning på "lovtomt" område og prinsippa for korleis ein løyser motstrid mellom rettsreglar. I tillegg skal kandidatene vite korleis ein utformar ein juridisk tekst på forsvarleg måte ved bruk av KI.
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studenten kunne vurdere om rettslege vurderingar i ein dom eller anna rettsleg dokument er utforma i samsvar med den juridiske metoden.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Examen facultatum/juridisk forprøve (JU5-100), Examen philosophicum (SA596), Arve- og familierett (JU5-106), Forvaltningsrett (JU5-104) og Kontraktsrett (JU5-103)
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminar (med munnlege framføringar), arbeidsgrupper og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
Minst 80% deltaking på seminar. Inntil 2 øvingsoppgåver (arbeidskrav). Ein kan verte pålagd å utarbeide mindre skriftlege arbeid til seminar. Utelatt førebuing til seminar vert rekna som fråver, og deltakting på seminar er obligatorisk.
Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før ein kan ta eksamen. Har ein ikkje fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar, må ein gjennomføre samtlege obligatoriske læringsaktivtetar på nytt før ein kan ta eksamen.
Eit arbeidskrav er gyldig dei to påfølgande semestra.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen.
Kandidatane får 25 timar til å førebu munnleg innleiing i gitt emne før munnleg utspørring. Innleiing og utspørring tek omlag 25 minutt.
Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Det er ingen restriksjonar i bruk av hjelpemiddel på eksamen.
Meir om hjelpemiddel