JU6-404 Jus for offentleg leiing
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje studentane forståing for korleis forvaltningsretten sine rettsreglar legg rammer for styring og leiing i offentlege verksemder generelt, og særleg i helse- og omsorgssektoren og utdanningssektoren. I tillegg skal studentane ha eit oversyn over korleis ein løyser praktisk juridiske problemstillingar.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande kunnskapar, ferdighetar og kompetanse
Kunnskap
- Ha god kunnskap om dei viktigaste reglane for sakshandsaming innan offentlege verksemder, og særleg innan helse- og velferdssektor og skulesektor.
- Ha innsikt i internkontroll som metode.
Ferdighet
- Kunne sakshandsame juridiske problemstillingar innafor eige praktiske ansvars- og arbeidsområde i sektoren
- Ved delegering kunne leie og rettleie andre i sakshandsaming
Generell kompetanse
- Ha grunnleggande forståing for forvaltningsretten sine rettsreglar generelt, for arbeidsrett, samt dei sentrale rettsreglane for eigen sektor og fagområde spesielt.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, øvingsoppgåver (sjå arbeidskrav) og sjølvstudium.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Skriftlig oppgåve (omfang 600 - 1200 ord)
Vurderingsform
Heimeeksamen - 10 dagar. Individuelle svar på utlevert oppgåvetekst. Omfang 3000 ord.
Formelle krav til innleveringa vert gjort kjende ved utdeling av oppgåvene.
Karakterskala A - F der F er "ikkje greidd".
Ved stryk eller gyldig fråvær blir det arrangert ny eksamen påfølgjande semester,
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel tilatne.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- JU6-400 - Økonomi og jus i helse- og sosialsektoren - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
- JU6-402 - Jus i helse- og velferdssektoren - Reduksjon: 5 studiepoeng
- JU6-403 - Jus i utdanningssektoren - Reduksjon: 5 studiepoeng