Hopp til innhald

JU6-5000 Tings- og immaterialrett

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet Tings- og immaterialrett handlar om retten til å rå over bestemte formuesgoder, nærmare bestemt retten til fysiske ting (fast eigedom og løysøre) og immaterielle rettar (opphavsrettar, varemerkerettar og patentrettar). Desse rettane gir innehavar eksklusive rettar til å rå over desse formuesgoda og til å disponere rettslig over dei, til dømes ved å overdraga rettane til andre.

Eigedomsretten og immaterialrettane utgjer sentrale privatrettslige rettar, og har med dette ein sentral samfunnsmessig funksjon i å bidra til rasjonell ressursutnytting, forvaltning av naturressursar og som eit incitament for frambringelse av tekniske og kunstneriske skapningar.

Emnet omfattar spørsmålet om korleis rettar til fysiske ting og immaterialrettar oppstår, kva innhald dei har, og kva avgrensingar som gjeld for utøvinga av rettane i samsvar med privatrettslige og offentlegrettslige reglar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal ha kunnskap om:

  • rettsreglane innan statisk tingsrett, inkludert dei hensyn rettsreglane byggjer på
  • rettar og plikter i samband med eigarskap av fast eigedom og løysøre
  • rettar i samband med ikkje-materielle eigarskap
  • ekstingtive erverv, rettsvernsnormer og -register
  • forholdet mellom privat eigarråderett og offentlegrettslig regulering
  • forholdet mellom ekspropriasjon og andre offentlegrettslige rådigheitsinnskrenkingar
  • offentlegrettslige rettsnormer om bruk og utnytting av fast eigedom
  • dei metodiske problemstillingane som vert aktualiserte innan statisk tingsrett
  • allemannsrett og allmenningsrett
  • omgrepet om immaterielle goder og rettsreglane som regulerer immaterielle rettar
  • rettsreglane som gjeld for opphavsrettar, varemerker og patentars vern mot andres utnytting (inngrepsspørsmålet)
  • reglane for etablering av opphavsrett, varemerkerett og patentrett, samt innhaldet i desse enerettane

Ferdigheter

Studenten skal kunne:

  • bruka juridisk metode og lovfesta og ulovfesta reglar for å foreta sjølvstendige drøftingar av dei spørsmåla som kan reisa seg innanfor faget
  • å innhenta og systematisera rettsleg relevant materiale, og på grunnlag av dette identifisera problemstillingar og samanhengar.
  • å foreta ei sjølvstendig analyse av dei problemstillingar emnet reiser
  • å gjere greie for eigedomsretten og immaterialretten sin samfunnsmessige funksjon og avveginga av omsynet til privat eigedomsrett og immaterialrett mot andre omsyn.
  • å resonnere seg fram til eit fagleg forsvarleg standpunkt gjennom avklaring av underliggjande rettslege og samsfunnsmessige omsyn og verdistandpunkt, og spenningar mellom ulike typar gyldige argument.

Generell kompetanse

Gjennom emnet oppnår studenten generell kompetanse til å:

  • tileigne seg nye rettslege kunnskapar om faga tingsrett og immaterialrett både sjølvstendig og i gruppe
  • formidle juridiske analyser og konklusjonar, både skriftleg og munnleg
  • kunne presentere og argumentere for eigne juridiske vurderingar og konklusjonar
  • identifisere og ta konsekvensar av etiske aspekt ved juridisk argumentasjon og standpunkt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Examen facultatum/juridisk forprøve (JU5-100)

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, seminar, arbeidsgrupper, løysing av oppgåver og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Minst 80% samla deltaking på seminar og rettleiing i små grupper. Munnleg presentasjon av ei seminaroppgåve på seminar (gruppearbeid). Inntil fire skriftlege øvingsoppgåver (individuelt arbeid). Ein kan og måtte gje konstruktive kommentarar på andre studentar sitt oppgåvesvar.

Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjend før ein kan ta eksamen. Har ein ikkje fått godkjent alle obligatoriske læringsaktivitetar, må ein gjennomføre samtlege obligatoriske læringsaktivtetar før ny eksamen.

Godkjente arbeidskrav er gyldig dei to påfølgande semestra.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 6 timer.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovdata Pro i eksamensmodus (med dei innarbeidinger som Lovdata har tillate, og med tilgang på alle lovar, forarbeid, forskrifter, rettspraksis frå Høgsterett og lagmannsrettane, og alt av EØS- og EU-rettskjelder, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna), og bokmål/nynorsk nettbasert ordbok.

Meir om hjelpemiddel