Hopp til innhald

MIDR403 Fysisk aktivitet og folkehelseprosjekt

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet handlar om kunnskapsbasert folkehelsearbeid med fokus på fysisk aktivitet, utjamning av sosiale helseforskjellar og forskingsmetodar knytt til fysisk aktivitet i eit folkehelseperspektiv. Gjennom teori og praktisk øving skal studenten lære samanhengar mellom fysisk aktivitet-, helse og livskvalitet, prosjektleiing, og berekraft i eit folkehelseperspektiv.

I emnet lærar studenten å planlegge eit prosjekt innanfor tema fysisk aktivitet og fremming av helse i ein populasjon. Studenten skal i dette emnet utvikle sjølvstende i, og kritisk vurdering av, utvikling, implementering og evaluering av folkehelsetiltak.

Emnet legg opp til prosjektarbeid i grupper der studentar skal arbeide med ein case eller problemstilling frå praksisfeltet.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskap om ulike perspektiv på helse, livskvalitet og fysisk aktivitet
  • har inngåande kunnskap om folkehelse, faktorar som påverkar helse og livskvalitet og sosial skilnad i helse på befolkningsnivå
  • har inngåande kunnskap om sentrale føringar for folkehelsearbeid og fysisk aktivitet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge systematisk utvikling, implementering og evaluering av eit kunnskapsbasert folkehelsetiltak som omhandlar fysisk aktivitet
  • kan legge til rette for medverknad i folkehelseprosjekt
  • kan vurdere samanhengar mellom folkehelsetiltak og berekraftsmåla
  • kan vurdere relevante målemetodar og evalueringsformer som nyttast innanfor forsking på fysisk aktivitet og folkehelse

Generell kompetanse

Studenten

  • kan innhente, analysere og presentere data som omhandlar fysisk aktivitet i eit folkehelseperspektiv
  • kan munnleg og skriftleg presentere og kritisk reflektere om eit eigenutvikla prosjekt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet vekslar mellom forelesingar og studentaktive læringsformer som prosjektarbeid, feltarbeid, seminar, og studentpresentasjonar. Studentane skal samarbeide både med medstudentar og eksterne aktørar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Prosjektplan for folkehelseprosjekt
  2. Munnleg presentasjon frå ei mindre kvalitativ undersøking knytt til fysisk aktivitet og/eller folkehelseprosjektet
  3. Munnleg presentasjon frå ei mindre kvantitativ undersøking knytt til fysisk aktivitet og/eller folkehelseprosjektet
  4. Munnleg presentasjon og kritisk vurdering av prosjektet for medstudentar og eventuelt andre aktørar

Vurderingsform

Skriftleg oppgåve i gruppe: Prosjektrapport

Oppgåva skal være på 3000-6000 ord.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillate. For informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) se Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Meir om hjelpemiddel