MS1-307 Masteroppgåve i samhandling og folkehelsearbeid
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Masteroppgåva bør vanlegvis ta utgangspunkt i ei problemstilling knytt til helse- sosial eller idrettsfaglege tenester. Med bakgrunn i ein prosjektplan skal studentane gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa forskingsarbeid. Det er ein føresetnad at det vert gjennomført ei empirisk undersøking, teoretisk analyse eller metaanalyse knytt til det valde problemområdet. Masteroppgåva kan formidlast som monografi eller som publiserbar artikkel med kappe.
Ei masteroppgåve på 45 stp skrive som monografi kan vere på inntil 25000 ord.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:Studenten…
- kan gjere greie for sentrale teoriar og metodar innanfor fagområdet og arbeide sjølvstendig med teoretisk problemløysing.
- kan analysere og stilla seg kritisk til relevante teoriar, nasjonal og internasjonal forsking på det aktuelle forskingsområdet.
Ferdigheiter:Studenten…
- har inngåande kunnskap om forskingsprosessen sine ulike delar.
- kan bruke relevante forskingsmetodar i eit sjølvstendig avgrensa forskingsarbeid.
- kan stille seg kritisk til ulike informasjonskjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglege resonnement.
Generell kompetanse:Studenten...
- kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande lover og vitskaplege og forskingsetiske normer og formidle kunnskap frå dette
- kan arbeide analytisk og lede innovasjon og tenesteutvikling.
- kan bidra med kunnskapsbaserte argument i velferdsdebatten knytt til fagfeltet samhandling og folkehelse.
- kan kvalifikasjonar for vidare forskarstudium
Krav til forkunnskapar
Bestått emnene MS1-320, MAMET1FS-1, MS1-323, MS1-325 og MS1-328
Undervisnings- og læringsformer
Med bakgrunn i tema og problemstilling får studenten tildelt ein rettleiar. Den individuelle rettleiinga baserer seg på at studenten sjølv tek ansvar for progresjon i arbeidet. Det blir lagt opp til felles seminar undervegs der studentane kan legge fram og drøfte arbeidet sitt med studentar og rettleiarar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Masteroppgåva skrivast i grupper på to studentar eller individuelt.
Justerande munnleg eksamen
Justerande munnleg eksamen inneheld ein presentasjon på inntil 15 minutt og ein eksaminasjon på inntil 45 minutt med utgangspunkt i masteroppgåva. Ei samla vurderinga av den munnlege prestasjonen kan justere karakteren på masteroppgåva opp eller ned med ein karakter.
Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterer og F er ikke bestått.
Ny eksamen Ved ikkje bestått (karakter F) leverer studenten bearbeida masteroppgåve til ny eksamen i påføljande semester
Det er ikkje tilgang til å levere ny eller bearbeida masteroppgåve ved bestått resultat.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel