MSB210 Masteroppgåve
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Studentane skal i løpet av siste semester i Master i økonomi og adminsitrasjon-programmet skrive ei mastergradsoppgåve. Masteroppgåva skal skrivast i grupper på to studentar. Oppgåva skal vere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid, der studenten viser evne til kritisk tenking, kjennskap til kontekst, kunnskap om litteratur, forskingsdesign og analytiske ferdigheiter. Desse ferdigheitene må bli brukte innanfor dei oppgjevne disiplinane i programmet. Det konseptuelle grunnlaget for oppgåva må vere knytt til kjerneelement i programmet og kan vere basert på ein litteratur review.
Føremålet med emnet er å gjere studenten i stand til gjennomføre eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid. Studenten skal tileigne seg djupnekjennskap i temaet hen vel å skrive oppgåve om.
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført emne skal studenten:
- ha avansert kunnskap om eit nytt område innan marknadsføring og innovasjon, regionaløkonomi og innovasjon eller leiing, organisasjon og innovasjon.
- ha særskild innsikt i eit spesifikt problem område som er valg som tema for oppgåva.
- ha avansert metodekunnskap om korleis å gjere seg kjend med- og vurdere ulike kjelder i litteraturen, datagrunnlag og informasjon relatert til marknadsføring og innovasjon, regionaløkonomi og innovasjon eller ledelse, organisasjon og innovasjon.
- kunne anvende kunnskap om forskningsdesign, teoretisk og metodiske tilnærmingar og verktøy, gap-analysar, formulering av forskningsspørsmål og utvikling av hypotesar, og analyse av data.
- kunne analysere akademiske problem knytt til området marknadsføring og innovasjon, regionaløkonomi og innovasjon eller leiing, organisasjon og innovasjon. Basert på historie, tradisjon, særeigenheit og rolle i samfunnet.
Ferdigheiter
Etter fullført kurs kan studenten:
- analysere og kritisk vurdere ulike informasjonskjelder for å kunne ta sjølvstendige vurderingar ifht. å bruke relevante data, teoriar og litteratur.
- bruke relevante metodar i forskning og utvikling. Kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre i grupper på praktiske og teoretiske problem relatert til marknadsføring og innovasjon, regionaløkonomi og innovasjon eller leiing, organisasjon og innovasjon.
- utføre eit uavhengig avgrensa forsknings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i samsvar med etablerte standardar for forskningsetikk.
- analysere eksisterande metodar og tolkingar innafor marknadsføring og innovasjon, regionaløkonomi og innovasjon eller leiing, organisasjon og innovasjon.
Generell kompetanse
Etter fullført kurs kan studenten:
- analysere og forstå vitskaplege forskningsrapportar og artiklar.
- anvende hans/hennar kunnskap og ferdigheter innan marknadsføring og innovasjon, regionaløkonomi og innovasjon eller ledelse, organisasjon og innovasjon for utvikle prosjekt.
- kommunisere hans/hennar uavhengige arbeid med eit språk og terminologi innan marknadsføring og innovasjon, regionaløkonomi og innovasjon eller ledelse, organisasjon og innovasjon.
- kommunisere forskningsresultat til både spesialistar og til befolkninga ellers.
- vere ansvarleg for eiga akademisk utvikling og spesialisering og kvalifisere for opptak i ph.d.-programmet Responsible innovation and regional development.
Krav til forkunnskapar
Innan 1. september må studentane ha fullført 50 studiepoeng frå kursdelen i studiet, der eitt av metodeemna (MSB209, MSB203, MSB207 and MSB208) er inkludert. Dette er ein føresetnad for å kunne få rettleiing og kunne levere oppgåva.
Undervisnings- og læringsformer
Rettleiaren gir tlbakemeldingar til studentane i rettleiingsmøte. Kvar studentgruppe har rett til maksimalt 10 timar rettleiing.
Ei rettleiingskontrakt skal vere utfylt og signert av rettleiar(ar) og av begge medlemmane i studentgruppa.
Obligatorisk læringsaktivitet
Fire arbeidskrav, der eitt skal leverast i haustsemesteret og tre i vårsemesteret:
- Skjema for utfylling av mellom anna gruppemedlemmer, hovudtema og deltema.
- Rettleiingskontrakt som skal signerast av alle partar på det første rettleiingsmøtet.
- Prosjektskisse som skal leverast på det første rettleiingsmøtet.
- Deltaking og presentasjon på midtvegseminar.
Vurderingsform
Skriftleg masteroppgåve og justerande munnleg eksamen
Studentane skriv masteroppgåva i grupper på to med likeverdige bidrag frå begge kandidatane.
Karakteren på den skriftlege masteroppgåva er felles for studentgruppa og vil bli kunngjord minst 24 timar før den justerande munnlege eksamenen. Endeleg karakter kan bli justert opp eller ned med maksimum éin karakter på grunnlag av den munnlege justerande eksamenen.
Karakter skala er A-F, der F er stryk.
Hjelpemiddel ved eksamen
Skriftleg masteroppgåve: Alle (sjå Hjelpemiddel ved eksamen, Skrive og referereog Retningslinjer om fusk).
Munnleg eksamen: Ingen
Meir om hjelpemiddel