NHRA101 Natur, helse og rørsle
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Kunnskapsområdet Natur, helse og rørsle bygger på Nasjonale retningslinjer for barnehagelærarutdanning (2018), forsking og profesjonell erfaring. Kunnskapsområdet er ein obligatorisk del av utdanninga og omfattar naturfag, fysisk fostring og mat og helse. Emnet er lagt til andre studieår.
Naturen er ein viktig arena for friluftsliv, opplevingar og erfaringar, og studentane skal gjennom kunnskapsområdet både sjå og meistre dei moglegheitene som ligg i pedagogisk arbeid i naturomgjevnadar og barnehagens uterom.
Gjennom praksisnære oppgåver skal studentane få erfaringar med å legge til rette for uformelle og formelle leike- og læringssituasjonar i ulike miljø. Barns sanselege og kroppslege veremåte er sentralt i studentanes arbeid med tilrettelegging for rørslemessige erfaringar, eksperimentering, utforsking, undring, samtale, refleksjon, leik og læring.
Barnhagelæraren skal kjenna til folkehelseutfordringar og skal bidra til barnas motoriske og fysiske utvikling. Måltid og matlaging skal gje barna eit grunnlag for å utvikla matglede og bidra til forståing for maten sitt opphav. Norske tradisjonar innan natursyn, matkultur og fysisk aktivitet kan verke framande på mange. Med bakgrunn i dette legger utdanninga vekt på korleis ein kan få til gode møter mellom ulike kulturar.
Arbeidet i kunnskapsområdet skal i stor grad vera praktisk retta og knyta til praksisfeltet. Ein viktig del av profesjonskompetansen er å kunna observera, analysera og forstå barns leik, utvikling og læring. Gjennom emnet skal studentane få kunnskap og erfaring med å tilrettelegga for leik og læring for alle aldersgrupper, sikra likestilling, ta omsyn til mangfaldet og berekraftig utvikling i barnehagen. På denne måten vil emne bidra til at studentane blir medvitne rollemodellar.
Kunnskapsbasen bygger i hovudsak på fagområda naturfag, fysisk fostring og mat og helse. Undervisninga skal vere forskingsbasert og profesjonsretta der praksis inngår som ein integrert del. Ulike oppgåver i emne kan vera knyta til forskings- og utviklingsprosjekt ved HVL når det ligg til rette for det.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om barn sin bruk av kropp og sansar i leik og læring, og om korleis ein kan skape rom for dette
- har kunnskap om friluftsliv og naturopplevingar for barn
- har kunnskap om fysiske fenomen, biologisk mangfald, organismar i barn sitt nærmiljø og samanhengar i naturen
- har kunnskap om berekraftig utvikling og korleis barnehagen kan arbeida med dette temaet
- har kunnskap om menneskekroppen, motorisk og fysisk utvikling, helsefremjande arbeid og livsmestring.
- har kunnskap om mat, maten sine sensoriske eigenskapar, matlaging og måltid som pedagogisk ressurs
Ferdigheiter
Studenten
- kan kartlegge naturen og nærmiljøet til ulike årstider ved undring, eksperimentering og læring, utforsking, leik og samtalar med barn
- kan bruke materialar, råvarer, teknikkar, reiskapar og lokale naturressursar i praktisk arbeid med barn
- kan planlegga og gjennomføra faglege aktivitetar med barnegrupper av ulik alder og kritisk vurdere eigen pedagogiske leiing og praksis
- kan legge til rette for fysisk aktivitet, varierte måltid og god hygiene i samsvar med nasjonale føringar
- kan bruka ulike leikemiljø, og samstundes legge til rette for barns risikovurdering og meistring gjennom ulike typar leik
Generell kompetanse
Studenten
- er medverkande og inspirerande saman med barn i deira rørsleleik, naturopplevingar og måltid
- kan planlegge, lede, gjennomføre, dokumentere, og reflektere over pedagogisk arbeid knytt til rammeplan for barnehagen og nasjonale retningslinjer.
- kan drøfte etiske problemstillingar knytt til kunnskapsområdet
- kan reflektere over naturen sin verdi og ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv i arbeidet med mat, helse, natur og rørsle
- meistrar norsk språk på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
- kan formidle sentralt fagstoff muntleg og skriftleg, kan delta i faglege diskusjonar innanfor utdanningas ulike fagområder og dele sine kunnskapar og erfaringar med andre
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Det vil bli nytta varierte arbeidsformer som lærarstyrte og studentstyrte aktivitetar, arbeid i grupper, seminarverksemd, førelesningar, rettleiing individuelt/gruppe og sjølvstudium. Delar av det studentaktive arbeidet vil liggja utanfor dei timeplanfesta aktivitetane. Praktisk arbeid og ulike aktivitetar ute og inne vil bli vektlagd i kunnskapsområdet, men studiet blir organisert slik at teori og praktisk arbeid utgjer ein heilskap.
Praksis
Praksis blir gjennomført etter eigne læringsutbytte som står oppført i studieplanen. Informasjonen om praksis (ABLUPR201) ligg i utdanningsplanen for ditt kull og på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk læringsaktivitetar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ei oppgåve gjennomførast i samband med praksis der studentane skal planleggje, gjennomføre og evaluere eit utviklingsarbeid. Oppgåva er knytt til læringsutbytta:
- Studenten kan planlegga og gjennomføra faglege aktivitetar med barnegrupper av ulik alder og kritisk vurdere eigen pedagogiske leiing og praksis
- Studenten er medverkande og inspirerande saman med barn i deira rørsleleik, naturopplevingar og måltid
- Studenten har kunnskap om friluftsliv og naturopplevingar for barn
- Ei oppgåve (både individuelt og gruppearbeid) der studentane skal utforske og beskrive kva ulike miljø kan by på og korleis ein kan bruke ulike miljø med ei barnegruppe. Oppgåva er knytt til læringsutbytta:
- Studenten kan kartlegge naturen og nærmiljøet til ulike årstider ved undring, eksperimentering og læring, utforsking, leik og samtalar med barn
- Studenten kan legge til rette for fysisk aktivitet, varierte måltid og god hygiene i samsvar med nasjonale føringar
- Studenten kan bruke materialar, råvarer, teknikkar, reiskapar og lokale naturressursar i praktisk arbeid med barn
- Studenten har kunnskap om mat, maten sine sensoriske eigenskapar, matlaging og måltid som pedagogisk ressurs
- Godkjent obligatorisk deltaking ved studentaktive læringsformer
Alle obligatoriske læringsaktivitetane blir nærare presisert ved semesterstart, og er knytt til læringsutbytta i emnet. Oppmøte til disse læringsaktivitetane er å regne som godkjent, og fråvær blir regna som ikkje godkjent.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.
Vurderingsform
Eksamen består av to delar:
- Del 1: Gruppepresentasjon. Tel 40 % av endeleg karakter.
- Del 2: Munnleg individuell eksamen (10-15 min). Tel 60 % av endeleg karakter.
Begge delane må vere bestått for å få karakter i emnet.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Dersom ein student stryk eller ikkje får fullført eksamen, kan studenten ta eksamen i den del studenten stryk i, ved næraste eksamensavvikling.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen hjelpemiddel.
Meir om hjelpemiddel