NORU803N Norsk 2, emne 1 - Språk og litteratur i fortid og samtid
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Norsk 2 er eit reint nettbasert vidareutdanningstilbod for lærarar. Studiet byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærarutdanninga, og er delt i to emner på 15 studiepoeng kvar. Norsk 2, emne 1 - Språk og litteratur i fortid og samtid går om hausten, og Norsk 2, emne 2 - Språkmangfald og tekstmangfald går om våren. Studiet har fokus på å gje djup innsikt i og historisk bakgrunn for sentrale emne som er viktige på 5. -10. trinn, men med særleg fokus på ungdomstrinnet.
Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid.
Dette emnet skal gje studentane god kjennskap til språk- og litteraturhistorie, omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, god innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit godt grunnlag for arbeid med læringsfremjande aktivitetar tilpassa norskopplæring for alle elevar.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid
- har god kjennskap til norsk språkhistorie frå den eldste tida og fram til i dag
- har god litteraturhistorisk oversikt og kunnskapar om sentrale verk i norsk skjønnlitteratur og sakprosa
- har gode kunnskapar om litteraturdidaktiske perspektiv og litteraturteoretiske innfallsvinklar
- har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar
- har kunnskapar om faghistoria til norskfaget
- har kunnskapar om læreplanen i norsk for ungdomssteget
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere tekstar med omsyn til språklege trekk knytte til historiske endringsprosessar og normering av skriftspråket
- kan vurdere språkhistoria si vektlegging i læreplan og i læreverk
- kan førebu og gjennomføre undervisning i språklege og litterære emne
- kan lese, analysere, tolke og samanlikne skjønnlitteratur og sakprosa for born, ungdom og vaksne med omsyn til innhald, form og funksjon, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
- kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
- kan bruke og vurdere digitale læringsverktøy
Generell kompetanse
Studenten
- kan skaffe seg innsikt i norskfaget og bruke forsking og faghistorie til å reflektere kritisk og konstruktivt
- kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
- kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- kan bruke språket sikkert og rett munnleg og skriftleg
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga skjer i stor grad som nettbaserte forelesingar i form av video, tekst og lyd. Informasjonsutveksling, rettleiing og faglege diskusjonar skjer i studiestøttesystemet Canvas og/eller i andre digitale samhandlingsverktøy.
Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Studentane arbeider med faglege og didaktiske oppgåver knytt til fagstoffet mellom undervisningsøktene. Studentane vil aktivt bruke og få kjennskap til ulike digitale samhandlingsformer ved å ta del i undervisninga og løyse oppgåver ved hjelp av digitale verktøy. Dette bidrar til å auke studentane sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.
Ein sentral del av arbeidet vil vere knytt til eigen undervisningspraksis/eigne praksiserfaringar. Det er vidare ein føresetnad at studentane som følgjer studiet deler kunnskapen og ferdigheitene dei tileignar seg med lærarar i kollegiet på eigen skule.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan gå opp til eksamen:
- Eit samandrag av ein pensumtekst, samt tilbakemelding på to medstudentar sine samandrag
- Ein fagtekst med eit språkleg eller språkdidaktisk tema
- Ein fagtekst med eit litterært eller litteraturdidaktisk tema
Den eine fagteksten skal skrivast på bokmål, og den andre på nynorsk.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Minst éin av dei tre obligatoriske læringsaktivitetane skal vise at studentane, i tråd med læringsutbytta, har god kjennskap til norsk språkhistorie frå den eldste tida og fram til i dag, og god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid. Minst éin av dei tre obligatoriske læringsaktivitetane skal vise at studentane, i tråd med læringsutbytta, har god litteraturhistorisk oversikt og kunnskapar om sentrale verk i norsk skjønnlitteratur og sakprosa, og gode kunnskapar om litteraturdidaktiske perspektiv og litteraturteoretiske innfallsvinklar. To av dei tre læringsaktivitetane skal vise at studentane har kunnskapar om læreplanen i norsk for ungdomssteget, og at dei kan førebu og gjennomføre undervisning i høvesvis språklege og litterære emne, slik det er formulert i læringsutbytta. Dei skriflege obligatoriske aktivitetane skal vise at læringsutbyttet "studentane kan bruke språket sikkert og rett skriftleg" er oppnådd. Nærare retningslinjer vil bli gitt i Canvas.
Vurderingsform
Mappe som består av endelege versjonar av dei to obligatoriske fagtekstane.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Begge tekstane må vere vurderte til bestått for å få karakter i emnet.
Ved ikkje bestått kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne.
Meir om hjelpemiddel