Hopp til innhald

SAB140 Rammer for sosialt arbeid i velferdstenestene

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

I emnet skal studentane opparbeide forståing for korleis politikk, lover og organisatoriske trekk dannar viktige rammevilkår for sosialt arbeid, slik at dei kan ta i bruk denne kunnskapen i møte med brukarar og samarbeidspartnarar.

Emnet er delt likt mellom juridiske og statsvitskaplege tema.

Emnet gir ei innføring i juridisk metode, der fokus er på korleis lovverket er bygd opp og korleis ein løyser juridiske problemstillingar gjennom riktig rettsleg argumentasjon. Det blir gitt ei innføring i forvaltningsrett med fokus m.a. på reglar om teieplikt, habilitet og krav som blir stilt til sakshandsaminga. I tillegg blir det undervist i trygde- og sosialrett.

I den statsvitskaplege delen av emnet vert det gitt ei innføring i demokratisk politisk styring og forvaltning på statleg, regionalt og kommunalt nivå. Emnet tek vidare føre seg velferds- og sosialpolitikkens utvikling og status i dag og korleis politiske føringar og diskusjonar dannar viktige premiss for utforminga av velferdstenestene. Emnet gir også studentane ei innføring i korleis trekk ved organisasjonar, som deira mål, struktur og kultur, kan påverka organisasjonar som sosionomar arbeidar i.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha fylgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten…

  • viser brei kunnskap om sentrale sider ved den norske velferdsstaten, som dens historiske utvikling, ulike velferdspolitiske mål og verkemiddel og deira betyding for sosialt arbeid, samt ulike velferdsmodellar
  • kan beskrive fordeling av ansvar og oppgåver i velferdsforvaltninga, herunder mellom statleg, regionalt og kommunalt nivå, mellom ulike forvaltningsområde og mellom offentleg, privat og frivillig sektor
  • kan vise til korleis struktur og kultur i organisasjonar har innverknad på utøvinga av sosialt arbeid i velferdsforvaltninga, samt andre forhold som regulerer norsk arbeidsliv
  • kan gjere greie for menneskerettar og sentrale konvensjonar, minoritetar og kunnskap om samenes rettar og særskilte status som urfolk
  • har kunnskap om relevant juridisk metode
  • har kunnskap om sentral lovgiving innen velferdsforvaltning, herunder forvaltningsrett og trygde- og sosialrett

Ferdigheiter: Studenten…

  • kan ta i bruk rettsreglar, opplyse om rettar og plikter og utøve juridisk og sosialfagleg skjøn i møtet med enkeltpersonar, familiar og grupper, mellom anna samiske brukarar
  • kan opplyse og rettleie brukarar og samarbeidspartnarar om velferdsstatens tenester og organisering

Generell kompetanse: Studenten…

  • kan identifisere maktstrukturar og maktutøving i samfunnet
  • har innsikt i og kan vise til politiske og forvaltningsmessige vedtaksprosessar på statleg, regionalt og kommunalt nivå og korleis sosionomar kan medverke til allmenn opplysing og politisk rådgiving
  • har innsikt i og kan reflektere kritisk over si profesjonelle rolle i møtet med institusjonelle og politiske krav i tenesteutøvinga, herunder rolla som forvaltar av velferdsgode

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Undervisnings- og læringsformer

I dette emnet vert studentaktive arbeidsformer vektlagd. Det vært nytta studentaktive læringsformer i form av litteraturstudium, digital undervisning, førelesningar, seminar, gruppearbeid og ferdigheitstrening i oppgåveskriving.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Deltaking i ferdigheitstrening. Krav om minimum 80% deltaking.
  2. Godkjent individuell skriftleg oppgåve. Omfang: Inntil 1500 ord.

Vurderingsform

Eksamen Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala A til F, der A til E er greidd og F er ikkje greidd.

Ny eksamen Ny skuleeksamen blir gjennomført med same form som ordinær eksamen.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovsamling. Lovdata pro i eksamensmodus (med dei innarbeidingar og tilgangar som emneansvarleg fastset). Enkel kalkulator (ikkje programmerbar).

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BSO115 - Marginalisering, velferdsordningar og sosialt arbeid - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • SOS5-107 - Sosialt arbeid i velferdstenestene - Reduksjon: 15 studiepoeng