UPED852R Fagdidaktisk fordjuping i universitetspedagogikk
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
UPED852 består av fleire valfrie fagdidaktiske smodular knytt til utvikling av undervisning i høgare utdanning. Omfanget på modulene er 1, 2 eller 3 studiepoeng. Modulane er ei fordjuping i tema som kan koplast til innføringsemnet UPED851. Emnet set du saman sjølv ved å velje moduler som til saman utgjer 5 studiepoeng. Modulane er både for deltakarar på studieprogrammet i universitetspedagogikk, tilsette ved HVL og eksterne. Undervisarane på modulane er både tilsette ved fakulteta i HVL, undervisarar i universitetspedagogikk og eksterne.
For dei som skal dokumentere si utdanningsfaglege kompetanse, er det tilrådd å velje modulen knytt til skriving av pedagogisk mappe. Der får deltakarane rettleiing i utvikling av ei pedagogisk mappe som er ein del av søknaden om opprykk til førsteamanuensis og professor.
Dei fagdidaktiske modulane vert gjorde tilgjengelege for påmelding fortløpande gjennom studieåret.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten har kunnskap om ulike didaktiske metodar og kan analysere korleis desse kan nyttast til å planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning i høgare utdanning.
Ferdigheiter
Studenten
kan planleggje, gjennomføre, analysere og kritisk reflektere over FoU-basert undervisning og involvere studentar i FoU-baserte læringsprosessar
kan velje, grunngje og vidareutvikle hensiktsmessige læringsaktivitetar og undervisnings- og vurderingsmetodar i forhold til faglege mål og utdanningsprogram
Generell kompetanse
Studenten har ein kritisk og analytisk haldning til undervisning og rettleiing, og kan bidra til fagleg og pedagogisk nyskaping gjennom utvikling av varierte undervisningsmetodar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
UPED851 - Innføring i universitetspedagogikk
Undervisnings- og læringsformer
Studentaktive læringsformer som diskusjon, gruppearbeid og kollegarettleiing, førelesing og sjølvstudium, digitale læringsressursar og fysiske og nettbaserte samlingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
UPED852 består av fleire valfrie fagdidaktiske modular. Omfanget på modulane er 1, 2 eller 3 studiepoeng. Det er ulike obligatoriske læringsaktivitetar i dei ulike modulane. For å fullføre emnet må du ha godkjend obligatoriske læringsaktivitetar og deltaking i modular som til saman utgjer 5 studiepoeng.
Vurderingsform
For å dokumentere UPED852 må du ha gjennomført fagdidaktiske moduler tilsvarande 5 studiepoeng og ha godkjent arbeidskrav i modulane du har tatt. I tillegg skal du utarbeide ein tekst eller eit digitalt produkt (for eksempel video, podkast, poster) der du reflekterer over din faglege og pedagogiske utvikling gjennom dei valfrie modulane du har fullført. Formålet er å vise korleis perspektiv frå modulane kan koplast til utvikling av FoU-basert undervisingspraksis. Oppgåva kan brukast som ein del av din pedagogiske mappe.
Omfang
Skriftleg tekst på 800-1000 ord eller eit tilsvarande multimodalt produkt.
Innhald
Refleksjonen skal ta utgangspunkt i erfaringar frå modulane du har deltatt på, og kan organiserast rundt desse punkta:
- Kva for moduler har du deltatt på?
- Kva for idear, omgrep eller praksisar frå modulane har vore mest relevante for deg?
- Korleis kan desse koplast til utvikling av eiga rolle som undervisar?
- Kva ønskjer du å utforske vidare som del av din profesjonelle utvikling?
Vurderingskriterium
For at oppgåva skal bli godkjent må det vere klart kva for moduler du har deltatt på, kva for idear og omgrep som er mest relevante for deg, og korleis desse kan koplast til utvikling av undervisings- og læringsarbeid.
Oppgåva leverast i Wiseflow. Vurderast som godkjent / ikkje godkjent
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel