Hopp til innhald

UPED854 Emnedesign

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

I dette emne får du utvikle ei medviten tilnærming til korleis du kan designe eit emne slik at det blir samsvar mellom læringsutbyttebeskrivingar, vurdering, læringsaktivitetar, føresetnadene til studentane og fagfellesskapet, samt rammevilkår. For å få til dette skal du gjennom emne utvikle eller revidere ein emneplan.

Emneplanen skal ta utgangspunkt i teori om emnedesign tilpassa HVL-konteksten og skal utviklast i fellesskap med kollegaer og studentar. På denne måten er modulen tenkt å bidra til å vidareutvikle profesjonsfellesskapet i ulike fagmiljø - først og fremst på emnenivå, men òg på programnivå. Gjennom slike prosessar blir det lagt til rette for at undervisarar kan finne auka motivasjon og glede i eiga undervisning, og vidare for meir læring, meiningsfullheit og gjennomstrøyming for studentar og organisasjonen.

Emnet skal sikre autentisk læring og optimal bruk av den samla kunnskapen, ferdigheitene og kompetansen deltakarane har utvikla gjennom deltakinga si.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

  • synleggjer kunnskap om sentrale prinsipp for emnedesign
  • grunngjev utforming av læringsutbyttebeskrivingar i lys av eigen kontekst og relevant forsking
  • drøftar eige emnedesign i lys av "HVL læringsdesign"

Ferdigheiter

Studenten

  • formulerer læringsutbyttebeskrivingar basert på tilrådd litteratur og formålet med emnet
  • utviklar eller reviderer emne som samsvarar med "HVL læringsdesign" i samarbeid med fagmiljø og studentar
  • identifiserer og nyttar relevante forskrifter og retningslinjer for emnedesign

Generell kompetanse

Studenten

  • viser ei reflektert og medviten tilnærming til emnedesign og emnerevidering
  • designar eller reviderer emne som er meiningsfulle for studentane og som fremjar læring
  • nyttar oppdatert kunnskap og ferdigheiter om emnedesign til å styrkje profesjonsfellesskapet i fagmiljøet og samskaping med studentar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studentaktive undervisnings- og læringsformer som diskusjon, gruppearbeid, presentasjonar, emnerevisjonssamlingar, førelesing, sjølvstudium og digitale læringsressursar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  • Planleggje og gjennomføre to emnerevisjonssamlingar i eige fagmiljø og med studentar.
  • Leggje fram tre presentasjonar på samlingane og gje tilbakemeldingar til andre deltakere sine presentasjonar.
  • 80% fysisk deltaking på samlingar totalt sett. 100% fysisk deltaking på samling 3.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Skriftleg individuell oppgåve.

Oppgåva skal innehalde:

  • Ein konkret emneplan
  • Ein refleksjonstekst på 3000 ord (+/- 10 %)

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogleg å levere ei forbetra versjon i påfølgjande semester.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne. For informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).

Meir om hjelpemiddel