ØKB3135 Årsrekneskap og bokføring
Emneplan for studieåret 2026/2027
Innhald og oppbygging
Emnet gir fordjuping i rekneskapsprosessen frå bokføring til ferdig årsrekneskap i tråd med gjeldande regelverk.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Har inngåande kunnskap om dei grunnleggjande bokføringsprinsippa og sentrale delar av god bokføringsskikk
- Har kunnskap om regelverket for avslutning av årsrekneskap
- Kjenner til regelverket for notar og årsmelding, inkludert berekraftsrapportering
- Kan forklare behovet for konsernrekneskap og prinsippa for elimininering av konserninterne postar
Ferdigheter
- Kan bokføra og kvalitetssikra transaksjonar og andre hendingar i rekneskapen, inkludert analyse av dei rekneskapsmessige konsekvensane av ulik MVA-behandling
- Kan avslutta ein årsrekneskap for aksjeselskap, inkludert skattepostar og resultatdisponering
- Kan utarbeida og kvalitetssikra ekstern rekneskapsrapportering ved bruk av avstemmingar og andre analyseteknikkar
- Kan utarbeida ein enkel konsernrekneskap (inkludert skatt og minoritetar)
Generell kompetanse
- Kan tileigna seg oppdatert kunnskap innanfor ovannemnde kunnskaps- og ferdigheitsområde
- Kan formidla sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer
- Kan utveksla synspunkt og erfaringar med andre fagpersonerkan sjå emnet i eit større samfunnsmessig perspektiv
Krav til forkunnskapar
BØA117 Finansrekneskap med analyse (eller tilsvarande kompetanse)
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, oppgåveløysing i plenum og individuelt, og rettleiing knytt til oppgåveløysing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Gjennomført grunnleggjande opplæring i rekneskaps- og årsoppgjersprogram
Vurderingsform
Digital skuleeksamen, 4 timar - 100 %
Karakterskala A - F
Hjelpemiddel ved eksamen
Digitale rettskjelder: Tilgang til Lovdata.no og Reknskapsstiftelsen.no
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- ØKB3117 - Vidaregåande finansrekneskap - Reduksjon: 2,5 studiepoeng
- ØKB3119 - Rekneskapsføraryrket og rekneskapsorganisering - Reduksjon: 2,5 studiepoeng