ØKB3134 Vidaregåande finansrekneskap
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet gir fordjuping i dei mest sentrale utfordringane med innrekning og måling av dei viktigaste rekneskapspostane i samsvar med god rekneskapsskikk og gir basis for å reflektera over sentrale delar av det teoretiske fundamentet for finansrekneskapen.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten:
- har inngåande kunnskap om dei grunnleggjande rekneskapsprinsippa og god rekneskapsskikk, med vekt på NRS-standardar
- har inngåande kunnskap om innrekning og måling av dei viktigaste rekneskapspostane
- har inngåande kunnskap om rekneskapsreglar for små føretak
- kjenner til dei mest sentrale forskjellane mellom rekneskaps- og skattereglar
- har kunnskap om informasjonsbehovet og behovet for rekneskapsregulering hos brukargruppene
- har kunnskap om resultat- og balanseorientering
- kjenner til IFRS og forenkla IFRS
- kjenner til forskjellen mellom bedriftsøkonomisk teori og finansrekneskap (gjeldande rekneskapsregulering)
Ferdigheiter:
- kan reflektera over informasjonsbehovet og behovet for rekneskapsregulering hos brukargruppene
- kan nytta utvalde IFRS-rekneskapsstandardar eksemplifisert med regelverk for varige driftsmiddel
- kan analysera kontantstraumar
Generell kompetanse:
Studenten:
- Kan sjå emnet i ein større samfunnssamanheng
- Kan tileigna seg oppdatert kunnskap innanfor ovannemnde kunnskapsområde
- Kan formidla sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan drøfte dette med andre fagpersonar
Krav til forkunnskapar
BØA117 Finansregnskap med analyse (eller tilsvarende kompetanse).
Tilrådde forkunnskapar
BØA204 Investering og finansiering eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar, oppgåveløysing i plenum og rettleiing i tilknyting til individuell eller gruppevis oppgåveløysing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Individuell digital heimeeksamen, 7 dagar, 30%
Individuell digital skoleeksamen, 4 timar, 70%.
Begge delene må bestås
Karakterskala A-F
Hjelpemiddel ved eksamen
Individuell digital heimeeksamen og skuleeksamen: Alle hjelpemidlar er tillatne.
Meir om hjelpemiddel