LUPEF403 Profesjonsfag: Den profesjonelle læraren
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Profesjonsfaget er eit verdi- og danningsfag og skal gje studenten identitet som lærar i skulen, og danne den lærarfaglege plattforma i utdanninga.
Kjernen i profesjonsfaget dreiar seg om oppseding, utdanning og danning, og skal ivareta samanhengen mellom pedagogikk, fagdidaktikk, det praktiske og estetiske fagområdet og praksis.
I dette emnet vert merksemda retta mot læraren som profesjonell deltakar i ein lærande organisasjon.
Sentrale tema i emnet er:
- Inkluderande fellesskap og tilpassa opplæring i ein mangfaldig skule
- Skulen som lærande organisasjon
- Profesjonell utvikling
- Skulen i lokalsamfunnet
- Barn og unge si identitetsutvikling og sosialisering
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har inngåande kunnskapar om sentrale prinsipp som fremjar inkluderande og tilpassa opplæring
- har inngåande kunnskapar om skulen som organisasjon i endring og utvikling
- har inngåande kunnskapar om barn og unge si identitetsutvikling i pedagogisk samanheng
- har inngåande kunnskapar om profesjonell utvikling i et lærarfellesskap
- har inngåande kunnskapar om barn og unge i vanskelege livssituasjonar og om korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere og leggje til rette for læringsprosessar som tek vare på mangfaldet i elevgruppa
- kan bruke lokalt arbeids-, kultur- og samfunnsliv i elevane si læring
- kan analysere barn og unge si utfalding og leggje til rette for kreativitet og skapande verksemd
Generell kompetanse
Studenten
- kan bidra til kreativitet, nytenking og innovasjonsprosessar
- kan kritisk drøfte skulen og læraren si rolle og funksjon i samfunnet med sikte på demokratisk deltaking, respekt for alle folk, natur og miljø
- kan bidra til skulen sitt arbeid med verdigrunnlaget i overordna del av læreplanen, og dei tre tverrfaglege temaa demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring og berekraftig utvikling
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
LUPEF103 Profesjonsfag: Lærarrolla og elevane si læring og utvikling
Undervisnings- og læringsformer
Det vil bli brukt varierte arbeidsformer i undervisninga, som seminar, førelesingar, øvingar, både individuelt og i grupper, praksisforteljingar og andre munnlege og skriftlege oppgåver.
Det er ein føresetnad at studentane deltek aktivt i undervisninga og at dei arbeider med lærestoffet på eiga hand.
Refleksjon over teori og praksis er sentralt i utviklinga av ein profesjonell yrkeskompetanse.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Eit munnleg/digitalt arbeid der studentane legg fram planar for og gjennomføring av arbeid med vekt på barn og unges kreativitet og skapande verksemd og som viser kunnskap om inkluderande og tilpassa opplæring
- Eit skriftleg arbeid der det går fram at studentane har prøvd ut eit arbeid med vekt på kreativitet, nytenking og innovasjonsprosessar i faget, og der dei grunngjev eigne val og reflekterer over eigne erfaringar
Dei obligatoriske læringsaktivitetane skal vere ein del av arbeidet med ei digital mappe. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Nærare retningslinjer for arbeidskravet gis ved semesterstart.
Vurderingsform
Digital individuell mappevurdering.
Karakterskala A - F, der F svarar til ikkje bestått.
Mappa består av:
- ei skriftleg oppgåve
- eit visuelt arbeid
- eit auditivt arbeid
Ikkje bestått eksamen må takast på nytt neste gang emnet vert undervist.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel