BØ6-1002 Investering og finansiering

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Innhald:

  • Føresetnader og fundament innanfor investering og finansiering
  • Utrekning av beslutningsrelevant kontantstraum, inkludert arbeidskapitaleffekt
  • Korrekte verdivurderingsmetodar
  • Eenterekning/finansmatematikk
  • Investeringsanalyse
  • Økonomisk levetid og utskiftingsanalysar
  • Skattar og prisstiging - påverknad på kontantstraumar
  • Risikovudering, porteføljeteori og kapitalverdimodellen
  • Avkastningskrav for total- og eigenkapitalen, finansiell gearing m.m.
  • Finansieringskjelder og finansieringsval, her medrekna banklån, obligasjonar, leasing, avbetalingskjøp m.m.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten skal

  • forstå sentrale omgrep og definisjonar innan emnet
  • kjenne til grunnlaget for tidsverdien av pengar
  • ha ei overordna forståing for verdien av fleksibilitet i investeringsprosjekt

 

Ferdigheiter:

studenten skal

  • vurdere lønsemda av investerings- og finansieringsprosjekt
  • rekne ut avgjerdsrelevant kontantstraum, inkludert arbeidskapital
  • forstå relasjonen mellom bruk av netto nåverdi som vedtakskriterium for investeringar og eigarane sine økonomiske interesser i føretaket
  • kjenne til andre metodar for vurdering av investerings- og finansieringsprosjekt, kunne rekne ut internrente, og forstå samanhengen med netto nåverdi
  • framskaffe risikojusterte avkastningskrav for å estimere alternativkostnaden til kapital
  • ha innsikt i kapitalverdimodellen og kunne gjere bruk av denne modellen for å etablere eit risikojustert avkastningskrav når marknadsverdien er relevant
  • budsjettere kontantstraum for investerings- og finansieringsavgjerder og gjennomføre lønsemdsanalysar basert på netto nåverdi under omsyn til eventuell skatt, inflasjon, gjeldsfinansiering og risiko med tilhøyrande avkastningskrav
  • rekne ut effektiv rente og kunne gjere bruk av denne som grunnlag for ulike finansieringsavgjerder
  • analysere risikoen i investeringsprosjekt når totalrisikoen er relevant.

 

Generell kompetanse:

Studenten kan

  • reflektere kritisk kring ulike problemstillingar knytt til investerings- og finansieringsprosjekt.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Matematikk for økonomar (ME6 1000) eller tilsvarande kunnskapar i matematikk

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveseminar med bruk av Excel-rekneark.

Arbeidskrav

Inntil to skriftlege arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i gruppe.

Arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle skrivne og trykte

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • BØ6-1013 (1) - Investering og finansiering - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • ØKB2104 (1) - Investering og finansiering - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • BØ6-200 (1) - Driftsrekneskap, budsjettering, investering og finansiering - Reduksjon: 3,5 studiepoeng