Hopp til innhald

MGUNA550 Naturfag 3, emne 4 - Masteroppgåve

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Masteroppgåva er eit profesjonsretta forskingsarbeid med solid forankring i fagdidaktikk og fag. Målet med oppgåva er at studenten skal verte i stand til å kunne utforske problemstillingar som er relevante for undervising og læring i naturfag og vere med å utvikle eigen og kollegaer sin undervisningspraksis.

Masteroppgåva skal ha relevans for naturfagets overordna målsettingar om å bidra til berekraftig utvikling og deltaking i prosesser i samfunnet. Innan denne ramma kan ein undersøkje ulike spørsmål til dømes knytt til læring og undervisning, elevars faglege kunnskapsgrunnlag, grunnleggande dugleikar, læringsressursar og undervisingskontekster. Dette inneber rom for ulike tilnærmingar og vektleggingar i den enkelte masteroppgåva og rom for bruk av ulike typar data, til dømes frå observasjon, intervju, elevarbeider, læringsressursar, spørjeskjema, lærebøker og relevante dokument. Det er mogleg å skrive oppgåva saman med ein medstudent.

Emnet inneber opplæring i profesjonsretta forsking. Dette inneber fokus på å kunne anvende fagkunnskapar, fagdidaktikk, metode og akademisk skriving under utforsking ei problemstilling identifisert i samarbeid med rettleiar. Dette inneber også fokus på dugleikar knytt til erfarings- og kunnskapsbaset drøfting av undervisningspraksis og profesjonsrelevant teori. Problemstillinga skal knytast til ei av forskingsgruppene ved Høgskolen på Vestlandet. 

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har avansert kunnskap om naturfaglige tema og fagdidaktisk teori nytta i masteroppgåva
  • har inngåande kunnskap om metodar som vert nytta i masteroppgåva og kan drøfte metodiske val

Ferdigheter

Studenten kan

  • anvende forskingslitteratur inn i eigen studie
  • planlegge og gjennomføre eit forskingsarbeid med klare forskningsspørsmål, innsamling og analyse av eigne data i lys av relevant teori og skriving av forskningsrapport
  • drøfte eigne resultat i lys av relevant forsking, og drøfte moglege konsekvensar for praksisfeltet i lys av mål om utdanning for berekraftig utvikling eller elevars deltaking i prosesser i samfunnet
  • framstille resultat strukturert, evaluere kjelder til data kritisk og skrive rapport med klar samanheng mellom problemstilling, metode, data, analyser og drøfting
  • følje forskingsetiske reglar og identifisere og analysere forskingsetiske problemområder i eigen studie

Generell kompetanse

Studenten kan

  • arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre om utforsking av litteratur og undervisningspraksis  
  • presentere og diskutere faglege problemstillingar med relevans for naturfagundervisning
  • fremje forskingsbaserte diskusjonar og tverrfagleg samarbeid i skulen 

Krav til forkunnskapar

FoU-oppgåva må vere bestått før ein kan byrje på masteroppgåva. Masteroppgåva tek utgangspunkt i studentens praktisk-pedagogiske og faglege kompetanse i naturvitskapane, støttefag, pedagogikk, fagdidaktikk, vitskapsteori og forskingsmetodar. 

Undervisnings- og læringsformer

Kvar student vil væra knytt til ein forskingsgruppe ved Høgskulen på Vestlandet som er relevant for masteroppgåvas problemstilling. Kvar student får ein til to rettleiarar. Individuell, forpliktande avtale om rettleiing blir underskriven seinast i starten av 9. semester. Eventuelle eksterne rettleiarar skal verte valt eller godkjent av Høgskulen på Vestlandet. Emnet inneber sjølvstendig arbeid med masteroppgåve under rettleiing. Som støtte i arbeidet vert det organisert fellesrettleiing, eventuelt gjennom videokonferanse, med eksempelvis framlegging, og diskusjon av teori og tekstutkast. Det vert også organisert studentseminar med diskusjon av artiklar og utkast.

Obligatorisk læringsaktivitet

Eit av dei obligatoriske arbeidskrava i emnet skal knytast til fagovergripande tema slik dei står skildra i studieprogramplanen. Studentane må levere eigne utkast og gje tilbakemelding på tekstutkast frå medstudentar tre gonger. Det er også obligatorisk å delta på tre seminar med felles rettleiing, mellom anna med presentasjon av forskingslitteratur og utkast knytt til eiga oppgåve.

På eit av fellesseminara skal studenten legge fram eit aspekt ved eige arbeid i lys av eit av dei fagovergripande tema i lærarutdanninga. 

Arbeidskrav må vere godkjent for at studenten skal få gå opp til eksamen. Godkjente arbeidskrav er gyldig i to påfølgande semester etter godkjenninga.

Vurderingsform

Skriftleg masteroppgåve. 

Retningsliner for masteroppgåva har informasjon om formelle krav til oppgåva.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel