BRL108 Naturfilosofi og friluftslivsforvaltning

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Studenten skal lære om naturfilosofi og friluftslivsforvaltning. Tema vil være naturfilosofi, friluftslivspolitikk, friluftslova og allemannsretten. Studenten lærer òg om utfordringar knytt til forvaltning i eit samfunn der korleis me nyttar naturen er i stadig endring.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal ha:

  • kjennskap til ulike filosofiske perspektiv knytt til forholdet mellom menneske og natur
  • kunnskap om friluftsloven, allemannsretten og andre relevante lovverk knytt til friluftsliv.
  • kjennskap til ulike forvaltningsorgan og ulike interessekonfliktar knytt til bruk av naturområder

 

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • anvende relevant lovverk inn mot problemstillingar knytt til forvaltnings- og fleirbrukskonfliktar i natur
  • reflektere kritisk rundt problemstillingar knytt opp mot friluftslivsforvaltning
  • reflektere rundt filosofiske problemstillingar knytt til vårt forhold til natur og friluftsliv som fenomen
  • reflektere rundt korleis ulike natursyn verkar inn på oppfatningar og bruk av natur

 

Generell kompetanse

Studenten har:

  • evne til refleksjon og kritisk tenking rundt korleis naturen vert nytta
  • evne til å sette seg inn i relevant lovverk og nytte dette inn i mot aktuelle konfliktar knytt til ulik bruk av natur

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisningsformene i dette emnet vil i stor grad vera teoribaserte i form av førelesningar, studentpresentasjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. I tillegg vil me reise på dagsekskursjon til eit naturområde med forvaltningsmessige utfordringar.

Arbeidskrav

  • Eitt skriftleg arbeidskrav i naturfilosofi
  • Eitt skriftleg arbeidskrav i forvaltning

Arbeidskrava må vera godkjent for å kunne gå opp til eksamen i emnet.

Vurderingsform

Heimeeksamen, 5 dagar.

Gradert karakter (A - F).

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel