Hopp til innhald

BSF102 Danning og akademisk handverk

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Danning gjennom utdanning bidreg til klok bruk av kunnskap. Emnet Danning og akademisk handverk er eit felles innføringsemne og markerer studentens første møte med Høgskulen på Vestlandet sitt faglege og sosiale fellesskap.

Den profesjons- og arbeidslivsretta høgskulen byggjer på samspel, berekraft og nyskaping. Emnet fremjar perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette og uføresette utfordringar. Innføringsemnet rettar merksemda mot berekraft og vårt felles globale ansvar for både dei som lever i dag og dei som kjem etter oss.

Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.

Emnet siktar mot å utvikle studentane sine kunnskapar om ulike profesjonar og fag si forståing av og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i samanheng med utdanning og berekraft.

Emnet legg til grunn at vitskapleg arbeid mellom anna er eit akademisk handverk. Informasjonskompetanse og skriving av tekstar er delar av dette handverket, og emnet gir grunnleggjande opplæring. Ved bruk av akademiske arbeidsmåtar blir ein kjend med og tek del i bygginga av kunnskapens hus.

Handverket set studenten i stand til å vurdere og dokumentere informasjonskjelder, og til å utvide og utdjupe kunnskap. Handverket gjer ein også i stand til å skrive akademiske tekstar.

Danning er det mennesket prøver å gjere av seg sjølv i eit samfunn. Danning gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen. Kunnskapar, haldningar og åtferd hjelper mennesket til å leve på ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som gjer det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet mogleg.

Utdanning er menneskets formidling og tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner. På den måten blir individet i stand til å delta i arbeidsprosessar. Utdanning byggjer både menneske og samfunn. Emnet legg FNs berekraftsmål til grunn.

Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men rommar også ønskje om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (inkludert likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).

Innhaldet i emnet er:

  • Etikk
  • Vitskapsteori
  • Vitskaplege metodar
  • Berekraft
  • Akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk og plagiering
  • Kommunikasjon
  • Samarbeid og konfliktløysing
  • Profesjonshistorie

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • skal ha kunnskap om vitskaplege arbeidsmetodar og forskingsbasert kunnskap
  • skal ha kunnskap om relevansen av profesjonell kompetanse og profesjonane sine perspektiv på forholdet mellom teori og praksis
  • skal ha kunnskap om forholdet mellom profesjonell kompetanse, arbeidsliv og samfunn i samtid og fortid
  • skal kjenne hovudlinjene i diskusjonen om ansvar for berekraftig utvikling i det globale samfunnet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging
  • kan skrive ein tekst som tematiserer berekraft og som tilfredsstiller grunnleggjande akademiske krav
  • kan drøfte sentrale problemstillingar i vitskapen sine og etikken sine teoriar

Generell kompetanse

Studenten

  • skal kunne utvikle, revidere og ferdigstille ein fagleg tekst som tilfredsstiller dei akademiske krava
  • skal kunne identifisere og klargjere potensielle etiske dilemma og etiske val i arbeidslivet
  • skal kunne delta i diskusjonar om berekraft og vere kritisk og reflekterande til sitt eige fagområde og til vitskapen generelt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Det blir nytta studentaktive læringsformer og ein omvendt klasseromspedagogikk med digitale ressursar i emnet i Canvas i form av litteratur, videoar, kvissar, tekstar m.m. Undervisings- og læringsformene vil slik variere mellom ressursførelesingar og aktivitetar som fremjar refleksjon og gruppetilhøyrsle. Gruppearbeid med rettleiing blir nytta som ein gjennomgåande aktivitet. Studentane skal teste kunnskapen sin gjennom digitale kvissar/fleirvalstestar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Digitalt kurs i informasjonskompetanse
  • 2 fleirvalstestar.

Obligatoriske læringsaktivitetar er gyldig i 3 semester etter godkjenning.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Oppgåve: Fagnotat i gruppe med digital presentasjon.

Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.

Ny eksamen: Ved ikkje bestått har studentane høve til å bearbeide den innleverte fagteksten med digital presentasjon.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne.

Meir om hjelpemiddel