DØL117 Digital organisering og leiing
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet skal gi oppdatert kunnskap om organisering og leiing i ein digital tidsalder. Viktige tema er korleis digitale teknologiar og utnytting av desse gjer mogleg forbetringar, transformasjon og utfordringar for:
• organisasjonsstrukturar og arbeidsprosessar
• beslutningstaking
• organisasjon og teknologi
• leiing og fjernleiing
• samhandling mellom menneskelege tilsette og digitale løysingar som robotikk og kunstig intelligens.
• etikk, samfunnsansvar og berekraft
• regulering
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter ferdig kurs har studenten kunnskap om og forståing av:
- korleis digital teknologi gjer mogleg og fører med seg endring av organisasjonar
- digital teknologi og digitale løysningar som kan påverke organisasjon, organisasjonen sin funksjon, drift, beslutningstaking og måloppnåing
- korleis digital teknologi påverkar val av struktur-, kultur- og praksis for organisasjonsform, samhandling og leiing
- utfordringar knytt til etikk, samfunnsansvar og berekraft ved bruk av digital teknologi
Ferdigheiter
Studentane er etter gjennomført kurs:
- i stand til å analysere korleis digital teknologi gjer mogleg og fører med seg organisasjonstransformasjon
- kan reflektere kritisk over og bruke teoriar og metodar innan organisering og digital transformasjon med vekt på drivarar og barrierar
- kan delta konstruktivt og komme med forskingsbaserte forslag i organisasjons-endringsprosessar der digital teknologi er sentral
- kan vurdere utfordringar knytt til etikk, samfunnsansvar og berekraft for digital teknologi i organisasjonar.
Generell kompetanse
Studentane er etter gjennomført kurs:
- i stand til å jobbe både uavhengig og i team med praktiske og teoretiske problem
- i stand til å presentere resultat av slikt arbeid i munnleg og skriftleg form
- kan formidle relevante tema til både spesialistar og lekfolk
- veit når ytterlegare kompetanse er nødvendig, og kor den kan bli funnen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Fysisk undervising, seminar, gruppearbeid og rettleiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ein gruppebasert skriftleg innlevering og ein presentasjon i gruppe etter gitt emne
Vurderingsform
Deleksamen med to delar:
Gruppebasert essay om gitt tema (utgjer 40% av karakteren).
Individuell skuleeksamen 5 timar (utgjer 60% av karakteren).
Karakterskala: A-F, der F tilsvarar ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ved skriftleg skoleeksamen: Ingen
Meir om hjelpemiddel