Hopp til innhald

GE486 Glasialgeologi

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Det vert gitt ei innføring i kvartærperioden (dei siste 2 595 mill. år), der vi ser på korleis isskjold og brear over heile verda byggjer seg opp og smeltar vekk som følgje av klimaendringar, og korleis landet og havnivået har endra seg. Vi ser på korleis brear verkar (glasiologi), og korleis dei endrar landskapet (glasialgeologi). Det vert gitt ein kort introduksjon til permafrost og andre geomorfologiske prosessar i kalde område.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studentane:

  • forstå og kjenne til korleis landet og havet har endra seg gjennom kvartærperioden
  • ha god forståing og kunnskap om brear og ulike bretypar
  • ha god kjennskap til korleis breane har forma landet vårt
  • ha grunnleggjande kjennskap til permafrost og periglasiale prosessar

Ferdigheiter

Studentane kan:

  • utføre ein kvartærgeologisk kartlegging i felt og lage eit kvartærgeologisk kart
  • ta seg fram over ein bre

Generell kompetanse

Studentane skal kunne anvende kunnskap og forståing for glasiale og periglasiale landskapsformer samt sedimentære avsetningar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Emnet byggjer på:

GE-406 Geologi grunnkurs

GE-436 Sedimentologi

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, feltarbeid og ekskursjonar

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Obligatorisk deltaking på ein 1-dags ekskursjon og ein 5-dagars ekskursjon
  • Studentene må få godkjent ein rapport frå 5-dagars ekskursjonen

Vurderingsform

Munnleg eksamen, 15 minuttar med 20 minuttar førebuing utan hjelpemiddel.

Karakterskala: A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel