Hopp til innhald

ING164 Mekanikk, elektrisitetslære og kjemi for ingeniørar

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar grunnleggande kjemi samt grunnleggande tema frå mekanikk og elektrisitetslære innan fagfeltet fysikk. Dette gjev eit naturvitskapleg fundament for ingeniørutdanninga og for framtidig yrkesliv. Emnet skal gje studentane forståing for grunnleggande fysiske prinsipp og for grunnleggande samanhengar i kjemi.

Fysikkdelen utgjer 75 % av emnet og kjemidelen utgjer 25 %.

Innhald:

  • Translatorisk rørsle: forflytning, fart og akselerasjon.
  • Krefter: Newton sine lover og bruk av desse
  • Arbeid, energi og energibevaring
  • Kraftimpuls, rørslemengd og bevaringslover for rørslemengd
  • Rotasjon: angulær kinematikk, tregleiksmoment, kraftmoment, angulært moment og bevaringslover for angulært moment
  • Elektrisk ladning, elektrisk kraft og elektrisk feltstyrke
  • Elektrisk potensiell energi og elektrisk potensiale
  • Kondensatorer og kapasitans
  • Magnetfelt og kilder til magnetfelt
  • Elektromagnetisk induksjon
  • Grunnstoffa og periodesystemet
  • Bindingar og namnsetting
  • Balansering av reaksjonslikningar og støkiometri
  • Gassar og løysningar
  • Kjemisk likevekt, syrer og basar, fellingsreaksjonar
  • Redoksreaksjonar og elektrokjemiske celler

Læringsutbytte

Kunnskapar

Studenten

  • forstår og kan greie ut om grunnleggande prinsipp og omgrep i mekanikk og elektrisitetslære, og kan knytte relevans opp mot ingeniørfag
  • forstår og kan greie ut om grunnleggande fysiske fenomen
  • har eit relevant omgreps- og formelapparat
  • kan greie ut om den systematiske oppbygginga av grunnstoffa i periodesystemet og om prinsippa for ulike bindingstypar
  • kan greie ut om likevekter i kjemiske reaksjonar
  • kan greie ut om eigenskapane til syrer og basar
  • kan beskrive løyseevna til ulike stoff
  • kan greie ut om prinsippet for redoksreaksjonar og om verkemåten til elektrokjemiske celler

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fysiske prinsipp i mekanikk og elektrisitetslære innan eige fagfelt
  • kan analysere fysiske problemstillingar, velgje riktig løysingsstrategi, samt vurdere svara etter løysing
  • kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre i ingeniørfaglege prosjekt
  • kan skrive formlar og sette namn og på enkle uorganiske og organiske sambindingar
  • kan balansere enkle kjemiske reaksjonslikningar og utføre støkiometriske berekningar
  • kan utføre berekningar ved bruk av ideell gasslov
  • kan rekne ut pH i sterke syrer og basar
  • kan rekne ut cellepotensial for elektrokjemiske celler

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle fysiske og kjemiske tankemåtar og metodar, problemstillingar og løysingar både munnleg og skriftleg
  • kan kommunisere med andre fagpersonar ved hjelp av fysisk og kjemisk fagterminologi

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAT110

Undervisnings- og læringsformer

Fysikk: Førelesingar og rekneøvingar.

Kjemi: Førelesingar med oppgåveløysing. Digitale kunnskapstestar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Fire innleveringar i fysikk og to innleveringar i kjemi må vere godkjende.

Godkjende innleveringar er gyldige i tre etterfølgande semester.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar. Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Både fysikkdel og kjemidel må vere bestått kvar for seg for å få bestått i emnet.

Hjelpemiddel ved eksamen

Fysikk: Lærebok og enkel kalkulator.

Kjemi: Enkel kalkulator.

Meir om hjelpemiddel