JU6-1001 Skatte- og avgiftsrett 1

Emneplan for studieåret 2019/2020

Innhald og oppbygging

Emnet dekker følgjande tema:

  • Omgrep og tolkingsreglar
  • Skatteforvaltning og skattebetalingsordning
  • Omfanget av skatteplikt til Noreg
  • Overordna prinsipp for skattlegging av person og selskap
  • Skattesubjekt
  • Inntekts- og formueskattlegging av person
  • Rammeverk for meirverdiavgift
  • Skatte- og avgiftsreglar knytt til fast eigedom

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten

  • har kjennskap til hovudreglane for skattlegging av inntekt og formue for personar.
  • kjenner overordna prinsipp for skattlegging av næringsverksemder
  • har kjennskap til regelverket knytt til skatteplikten til Noreg og kva kommune skatten skal betalast til
  • kjenner reglane omkring skatteplikt i samband utleige og realisasjon av fast eigdeom
  • har kunnskap om momsregelverket
  • kjenner regelverket omkring utleige og frivillig registering av meirverdiavgift knytt til fast eigedom
  • har kunnskap om grunnleggande likningsforvaltningsrett, skattebetaling og sentrale reglar for tilsidesetting.

 

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan rekne ut alminneleg inntekt, personinntekt og skattbar formue med utgangspunkt i skattelov, forskrifter, statsskattevedtak og takseringsreglar.
  • kan rekne ut nettoskatt, trygdeavgift, trinnskatt og formueskatt med utgangspunkt i forskrifter, statsskattevedtak og takseringsreglar.
  • kan finne ut om utleigeinntekter og realisasjonsinntekter knytt til fast eigedom er skattepliktig eller ikkje og rekne ut skattepliktig inntekt/frådrag for tap.
  • kan vurdere og handsame meirverdiavgiftsmessige transaksjonar i ei verksemd
  • kan gjøre etiske refleksjonar rundt skatteplanlegging.

 

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan tilegne seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsrområda som er nemnt ovanfor.
  • kan formidla sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksle synspunkt  med andre fagpersonar.
  • kan sjå emnet i ein større samanheng i eit samfunnsmessig perspektiv

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og seminar med oppgåveløysing.

Arbeidskrav

To  skriftlege arbeidskrav. Skal løysast individuelt eller i gruppe. Arbeidskrav må vera greidde for å få gå opp til eksamen.

Arbeidskrav er gyldig dei tre påfølgande semestre.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Norges Lover, skattelovsamling, særtrykk av lover og forskrifter. Kalkulator.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ØKB2006 (1) - Skatterett 1 - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • EM6-102 (1) - Skatte- og avgiftsrett for eiendomsmeglere - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
  • JU6-202 (1) - Skatte- og avgiftsrett - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
  • JU6-1004 (1) - Skatte- og avgiftsrett for eiendomsmeglere - Reduksjon: 7,5 studiepoeng