Hopp til innhald

JU6-5000 Tings- og immaterialrett

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet gjeld reglar knytta til retten til å råda over økonomiske gode. Dette gjeld både fysiske ting som fast eigedom, naturressursar og lausøyre, og immaterielle gode som opphavsrett, patentrett og varemerkerett.

Emnet tek opp kva som ligg i omgrepet eigedomsrett og korleis rettar til fysiske ting og immaterialrettar oppstår, kva innhald dei har og kva grenser som gjeld for utøving av rettane etter privatrettslege og offentlegrettslege reglar.

Grensene for fast eigedom mot område som ikkje er underlagt privat eigedomsrett og mot andre faste eigedomar og hovudpunkta i reglane om registrering av rettar til ting og immateralrettar vert også omfatta. Det same gjeld avgrensinga av eigedomsretten gjennom reglar om vern av granneeigedom, allemannsrettar til bruk av framand fast eigedom og offentleg regulering. Deling av eigarrådvald til ting eller immaterialrettar gjennom sameige eller ved at nokon har avgrensa rettar til visse utnyttingsmåtar over eit rettsgode som ligg til nokon andre, inngår og i emnet.

Eigedomsretten og avgrensa rettar til ting og immaterielle gode, gjeld fordelinga av og utnyttinga av verdiane i samfunnet og har såleis ein viktig samfunnsmessig funksjon. Eigedomsretten, herunder immaterialretten, er verna mot inngrep frå lovgjevaren etter konstitusjonelle reglar og internasjonale reglar, under dette Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) og EU-reglar. Dei har og Problemstillingane som vert teke opp i emnet har også stor betydning for realisering av fleire av FNs berekraftsmål.

Emnet gir også gode mogelegheita for metodisk utvikling. Eigedomsrett og avgrensa rettar til ting byggjer på ei lang rettsutvikling og er nedfelt i lov og sedvane. Immaterialretten har ei kortare historie og har grunnlag i lovgjeving som i stor grad byggar på eu-retten og andre internasjonale avtalar. Desse forskjellane gir eit godt grunnlag for drøfting og løysing av grunnleggjande metodiske problemstillingar.

Læringsutbytte

KUNNSKAP

Studenten skal ha kunnskap om:

  • kva eigedomsrett og immaterialrett er og korleis slike rettar oppstår.
  • eigedomsretten og immaterialretten sin funksjon i rettssystemet og samfunnet, og korleis offentleg regulering grip inn i private rettar.
  • eigedomsrettsomgrepet og korleis einerettane til immaterielle gode står i høve til dette.
  • reglar som gjeld avgrensing og identifisering av ting og grenser for fast eigedom mot andre eigedommar og mot område som ikkje er underlagt privat eigedomsrett
  • reglane om registrering av fast eigedom, lausøyre og immaterialrettar.
  • grensa mellom eigedomsrett og avgrensa rettar til fast eigedom.
  • reglane om servituttar og bruksrett til fast eigedom.
  • reglane om opphavsrettar, varemerker sitt vern mot utnytting frå andre
  • sameige og andre rettsfellesskap til ting og immaterialrettar.
  • reglane om råderett i høve til granneeigedom.
  • reglane om stifting av rettar til ting ved hevd eller alder tids bruk
  • reglane om allemannsrett og allmenning.
  • reglane om råderett over vassdrag og sjøområdet.
  • reglane om konsesjon til utnytting av naturressursar.
  • vilkåra for etablering av opphavsrett, varemerkerett og patentrett og innhaldet i desse einerettane samt reglane om patentrettar sitt vern mot utnytting frå andre
  • reglane om korleis offentleg regulering grip inn i private rettar.
  • reglane om eigedomsrettsvern etter nasjonale og internasjonale reglar.

Ferdigheter:

Studenten skal kunne:

  • bruka juridisk metode og lovfesta og ulovfesta reglar for å foreta sjølvstendige drøftingar av dei spørsmåla som kan reisa seg innanfor faget
  • å innhenta og systematisera rettsleg relevant materiale, og på grunnlag av dette identifisera problemstillingar og samanhengar.
  • å foreta ei sjølvstendig analyse av dei problemstillingar emnet reiser
  • å gjere greie for eigedomsretten og immaterialretten sin samfunnsmessige funksjon og avveginga av omsynet til privat eigedomsrett og immaterialrett mot andre omsyn.
  • å resonnere seg fram til eit fagleg forsvarleg standpunkt gjennom avklaring av underliggjande rettslege og samsfunnsmessige omsyn og verdistandpunkt, og spenningar mellom ulike typar gyldige argument.

Generell kompetanse:

Studenten skal kunne:

  • kunne tilegne seg nye rettslige kunnskaper både selvstendig og i gruppe
  • kunne formidle juridiske analyser og konklusjoner, både skriftlig og muntlig
  • kunne presentere og argumentere for egne juridiske vurderinger og konklusjoner.
  • identifisere og ta konsekvensar av etiske aspekt ved juridisk argumentasjon og standpunkt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Examen facultatum/juridisk forprøve (JU5-100)

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, seminar, arbeidsgrupper, løysing av oppgåver og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Minst 80% samla deltaking på seminar og rettleiing i grupper. Inntil 3 skriftlege oppgåver, individuelt arbeid. Ein kan bli pålagt å halde presentasjon eller levere utkast til mindre skriftlege arbeid i samanheng med seminar. Ein kan og måtte kommentere konstruktivt på andre studentar sine oppgåvesvar.

Alle arbeidskrav må være godkjent før ein kan framstille seg til eksamen.

Eit arbeidskrav er gyldig dei to påfølgjande semestera.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen 6 timer

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovdata pro i eksamensmodus, (med dei innarbeidingar som Lovdata har tillate, og med tilgang på alle lovar, forarbeid, forskriftar, rettspraksis frå Høgsterett og lagrettane, og alt av EØS- og EU-rettskjelder, med mindre emneansvarleg har fastsett noko anna), og bokmål/nynorsk ordliste.

Meir om hjelpemiddel