Hopp til innhald

KAS530 Prosjektplan

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Studenten skal i løpet av emnet utarbeide ein prosjektplan for masteroppgåva. Prosjektplanen dannar grunnlag for masteroppgåva. Emnet omhandlar korleis prosjektplanen for masteroppgåva skal utformast, og kva han skal innehalde. Emnet gir trening i å skildre, leggje fram og diskutere eit tema og ei problemstilling. Emnet gir også ei innføring i prosessen med å sende søknader til regionale komitear for forskingsetikk, Norsk senter for forskingsdata og personvernombodet.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne har følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten…

  • kan planleggje og utvikle sitt eige forskingsprosjekt
  • har inngåande kunnskap om forskingsfelt sitt
  • har innsikt i moglege finansieringskjelder for helse- og sosialfagleg forsking

Ferdigheiter:

Studenten…

  • kan tenkje logisk og systematisk om tema som er relevante for forskingsprosjektet
  • kan meistre prosjektplanformatet
  • kan bruke etiske prinsipp og relevante forskingsetiske retningslinjer i sin eigen prosjektplan
  • kan bruke lovverket om personvern i samband med prosjektutvikling, datainnsamling og datalagring

Generell kompetanse:

Studenten …

  • kan diskutere utfordringar og strategiar ved bruk av ulike forskingstilnærmingar og -metodar
  • vurderer overføringsverdien til forskingsarbeidet
  • gjere avvegingar når det gjeld forskingsetiske spørsmål i helsefagleg forsking

Krav til forkunnskapar

KAS500, KAS510, KAS520 og MAMET1SKA må vere bestått.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet omfattar forelesingar, sjølvstudium og rettleiing.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande obligatorisk læringsaktivitetar må vere godkjend før studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. 90 % deltaking på studentaktiv undervisning
  2. Minimum 1 obligatorisk rettleiing med tildelt rettleiar

Vurderingsform

Oppgåve

Oppgåve i form av ei prosjektplan på 2000 +/-10% ord, individuelt eller i par. Studentar som skriv felles prosjektplan, må også skrive felles masteroppgåve.

I løpet av arbeidet med prosjektplanen har studenten/-ane krav på inntil tre timar rettleiing, individuelt eller i gruppe. Rettleiing kan gjerast i gruppe.

Vurderingsuttrykk

Bestått / ikkje bestått.

Ny eksamen

Ved ikkje bestått eksamen, kan student/-ane levere omarbeidd versjon av prosjektplanen til ny eksamen inntil 1 gong.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel