KRO1001 Danning og akademisk handverk
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet skal utvikle studentane sin kunnskap om ulike profesjonar og fag si forståing av og refleksjon over kunnskap og etikk. Dette vert sett i høve til utdanning og berekraft for å fremja perspektiv og teoriar som aukar forståinga av globaliseringa i samtida og gir grunnlag for å meistre samansette uføresette utfordringar. Emnet bidreg til å stimulere studenten til å vere aktiv og nysgjerrig, til å ta ansvar for eiga læring og til å utvikle evna til nyskaping.
Danning seier noko om korleis personlegdom, oppførsel og moral til eit menneske formast i eit samfunn. Menneskets evne til å forma seg og la seg forma med utgangspunkt i kunnskap, haldningar og åtferd hjelper mennesket å leva på ein meiningsfull måte i og med verda. Danning er det som tillèt det siviliserte, berekraftige og frie samfunnet å eksistere og gjer det mogleg å takle den historiske situasjonen.
Utdanning byggjer menneske og samfunn. Utdanning er mennesket si tileigning av kunnskap, ferdigheiter og evner, ein viktig del av danninga som set mennesket i stand til å delta i eit samfunn i endring.
Berekraft-omgrepet omfattar eit bevaringsperspektiv, men har også i seg ønskje om nyskaping og utvikling. Berekrafta står på tre likestilte pilarar: økologisk berekraft, økonomisk berekraft (til dette høyrer likeverd) og sosio-kulturell berekraft (inkludert global sosial rettferd).
Emnet går i det første semesteret av studiet og skjer i samspel med studentar, fagleg og administrativt tilsette. Emnet har ein felles del som utgjer 7,5 studiepoeng og ein spesifikk fakultetsdel på 7,5. Delen som er felles og fakultetsdelen utgjer ei integrert eining.
I Lærarutdanning i praktisk-estetiske fag for trinn 1-13 (LUPE) har emnet eit omfang på 15 sp.
Innhaldet i emnet er: etikk, vitskapsteori, vitskaplege metodar, berekraft, akademisk skriving, informasjonskompetanse, kjeldebruk, kommunikasjon, samarbeid og profesjonshistorie.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- kjenner til hovudlinjene i diskusjonen om berekraftig utvikling i det globale samfunnet
- har kunnskap om vitskaplege arbeidsmetodar og forskingsbasert kunnskap
- har kunnskap om relevansen av profesjonell kompetanse og om forholdet mellom teori og praksis i eigen profesjon eller i eige fagområde
- har kunnskap om forholdet mellom profesjonell kompetanse i kroppsøving, idrett, arbeidsliv og samfunn i samtid og fortid
- har kunnskap om kommunikasjon og samarbeid
- har kunnskap om etikk
Ferdigheiter
Studenten
- kan reflektere over sentrale problemstillingar innanfor eige fagområde og innanfor vitskapane generelt
- kan identifisere og reflektere over sentrale etiske problemstillingar og dilemma
- kan finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging
- kan utvikle, revidere og ferdigstille ein fagleg tekst som tilfredsstiller dei akademiske krava
Generell kompetanse
Studenten
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver som strekker seg over tid, både aleine og som deltakar i ei gruppe
- kan formidle sentralt fagstoff og diskusjonar om berekraft og vere kritisk til eige fagområde og til vitskapane generelt
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta studentaktive læringsformer og ein omvendt klasseromspedagogikk med digitale ressursar i emnet i Canvas.
Undervisnings- og læringsformene vil variere mellom ressursførelesingar og aktivitetar som fremmar refleksjon og gruppetilhøyrsle. Studenten får rettleiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Individuelt refleksjonsnotat knytt til berekraftsmåla og eigen profesjon eller eige fagområde.
- Digitalt kurs i informasjonskompetanse for å kunne finne, vurdere og bruke ulike kunnskapskjelder og digitale verktøy i eiga kunnskapsbygging.
- Deltaking i gruppearbeid med rettleiing knytt til å kunne formidle sentralt fagstoff, diskusjonar om berekraft samt det å vere kritisk til eige fagområde og til vitskapane generelt.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Skriftleg gruppeoppgåve.
Omfang: 3000 ord pluss/minus 10%.
Karakterskala: Bestått/Ikkje bestått.
Dersom oppgåva ikkje er bestått, er det mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny oppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt. For informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no).
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- LUPEKI101 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 15 studiepoeng
- MGBKØ101 - Kroppsøving 1, emne 1 - Kroppsøvingsfaget, læraren og undervisning - Reduksjon: 10 studiepoeng
- MGUKØ101 - Kroppsøving 1, emne 1 - Kroppsøvingsfaget, læraren og undervisning - Reduksjon: 10 studiepoeng
- IDF100 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- IDF102 - Idrett og samfunn - Reduksjon: 7,5 studiepoeng