LUPEKP300 Praksis 3.år kroppsøving og idrettsfag
Emneplan for studieåret 2023/2024
Innhald og oppbygging
Praksis er ein integrert del av faga i utdanninga og skal bidra til at studentane utviklar evne til å reflektere over og utvikle eiga profesjonsutøving. Praksis i dette emnet blir i hovudsak gjennomført i vidaregåande opplæring, men òg innan grunnskulen Fagval og innretning kan få betydning for kva praksis studenten vel.
Praksisen føregår i vidaregåande opplæring, eventuelt i grunnskulen på trinn 1-10 (fagval avgjer) hausten (5.semester) og våren (6.semester), totalt 20 arbeidsdagar. Praksis i kulturskule eller anna opplæring og formidling knytt til fagleg og kulturelt arbeid med barn, unge og vakse kan erstatte deler av praksis i grunnopplæringa.
I praksisstudiane inngår ulike arbeidsformer i tillegg til planlegging og gjennomføring av eigen og andre (medstudentar og praksislærarar) sin undervisning. Døme på andre arbeidsformer kan vere ulike observasjonsoppgåver, gje/ta imot kollegarettleiing, utforme refleksjonsnotat, halde innlegg/framlegg, delta på foreldremøta og lærar/personalmøte.
Praksis kan også føregå på enkelte andre dagar/kveldar i samband med planleggingsdagar, foreldremøte, elevsamtalar, foreldresamtalar, aktivitetsdagar, ekskursjonar m.m.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar dei praktiske og estetiske faga
- kan analysere korleis ulike nasjonale, regionale og lokale kvalitetssystem og satsingsområde kan ha betyding for skulen si utvikling der igjennom elevane si læring
Ferdigheiter
Studenten
- kan vere ein tydeleg leiar og leie læringsarbeid for ulike elevar, samt kunne rettleie i profesjonsfellesskap
- kan identifisere åtferd som er utfordrande for elevane si læring og drøfte måtar dette kan handterast på
Generell kompetanse
Studenten
- kan drøfte undervisning, læring og fag i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
- kan vurdere og kommunisere dei praktiske og estetiske faga sin rolle i skulen og samfunnet
Krav til forkunnskapar
- LUPEKP100 Praksis 1.år kroppsøving og idrettsfag
- LUPEKP200 Praksis 2.år kroppsøving og idrettsfag
Undervisnings- og læringsformer
Praksis
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Oppmøte. Knytt til læringsutbytte der studenten viser brei kunnskap om læring, læreprosessar, arbeidsmåtar, læremidlar og vurderingsformer som særpregar dei praktiske og estetiske faga, og at studenten kan vere ein tydeleg leiar og leie læringsarbeid for ulike elevar, samt kunne veilede i profesjonsfellesskap
- To skriftlege innleveringar der studenten skal kunne drøfte undervisning, læring og fag i lys av aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv
Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ arbeidsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.
Nærare retningslinjer for arbeidskravet gis ved semesterstart.
Vurderingsform
Praksis, 20 dagar.
Karakterskala bestått / ikkje bestått.
Dersom ein student blir vurdert til ikkje bestått har vedkommende rett til eit (1) nytt forsøk, jfr. Forskrift om studiar og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet. Forenkla sluttvurdering blir gitt etter at praksisperioden er gjennomført. For øvrige reglar og rutinar sjå retningslinjer for praksisstudiet i utdanninga.
Hjelpemiddel ved eksamen
-
Meir om hjelpemiddel