MDIP501A Didaktiske praksisar retta mot undervisning i kroppsøving og mat og helse
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
I emnet vert det teke opp eit utval didaktiske problemstillingar i kroppsøving og mat- og helse med vekt på planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning. Studentane vel enten kroppsøving eller mat og helse som fokusområde for emnet. Studentar som rettar seg inn mot enten kroppsøving eller mat og helse vil få meir vekt på tema som ulike didaktiske tilnærmingar til undervisning i faget, læring og danning, arbeidsmåtar og lærarrolla.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har inngåande kunnskap om kroppsøvings-/mat og helsefagets eigenart og faget sin plass i tverrfagleg undervisningssamanheng
- har inngåande kunnskapar om dei tre overordna tverrfaglege temaa i læreplanverket innan kroppsøving og mat og helse
- har inngåande kunnskap om teoretisk og kontekstbasert praktisk metodikk med eksempel frå ulike læringsmiljø
- har inngåande kunnskap om korleis faget kan bidra til at elevar utviklar fagspesifikk kunnskap og praktiske ferdigheiter
Ferdigheiter
Studenten
- kan analysere læreplanverket med tanke på planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning i ulike miljø med sikte på læring og danning
- kan analysere, drøfte og presentere læringsaktivitetar i ulike miljø med sikte på ferdigheitsutvikling, fagleg praktisk og teoretisk læring og tilpassa opplæring
- kan bruke forskingsbasert kunnskap og aktuelle metodar, digital kompetanse, verktøy og arbeidsmåtar som er særleg aktuelle i faget og knytt til fagdidaktikk
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysere ulike didaktiske perspektiv på undervisning
- kommunisere forskingsbasert om undervisning, læring og danning i faget
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er bygd opp rundt samlingar og nettbasert undervisning med førelesingar, seminar, gruppearbeid som praktisk, teoretiske og individuelt fordjupingsarbeid. Det blir lagt opp til obligatoriske samlingar med forelesning, praktisk aktivitet og studentframlegging. Studentane møter varierte og profesjonsrelevante arbeids- og læringsformer i emnet og får fleire framleggings- og innleveringsoppgåver som skal stimulera til studentaktiv læring.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgande obligatoriske læringsaktivitar må være godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Det er obligatorisk frammøte på delar av undervisninga. Oversikt over obligatorisk undervisning vil gå fram av undervisningsplanen.
- Studenten skal planlegge, analysere og kritisk vurdere eit valt didaktisk undervisningsopplegg ut frå lærings-, dannings- og kulturperspektiv i faga gjennom ein munnleg presentasjon for medstudentar.
- Med utgangspunkt i tilbakemeldingar på OLA 1 skal studenten skrive eit refleksjonsnotat der ein nyttar relevant teori og aktuell forskingslitteratur (1600 ord).
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 5 dagar (3000 ord +/- 10%).
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel