MDIP550C Masteroppgåve - Samfunnsfag/Religion
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Masterarbeidet skal være eit sjølvstendig empirisk og vitskapleg arbeid som dokumenterer innsikt i aktuell forsking, teoriar, metodar og tilnærmingar som er relevante for oppgåva si problemstilling. Val av tema, forskingsspørsmål og design, skal skje i samråd med oppnemnd rettleiar, og med utgangspunkt i godkjent prosjektskisse.
Masteroppgåva skal skrivast i samsvar med gjeldande generelle retningslinjer for masteroppgåver ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbyte, definert gjennom kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har inngåande kunnskap om eit avgrensa fagområde med relevans for lærararbeid i skulen
- har oversikts- og djupnekunnskap for å kunne vurdere spesialiseringa si relevans og plassering i eit større kunnskapsområde
- har kunnskap om krav til vitskaplege framstillingar, herunder vitskapsteori og metodar
- har kunnskap om forskingsetikk
Ferdigheiter
Studenten
- kan utforme eit forskingsprosjekt, samle inn og analysere data.
- kan bruke og grunngje val av forskingsmetode og vitskapsteori i eige masterprosjekt
- kan vurdere og handtere forskingsetiske utfordringar relevante for sitt forskingsprosjekt
- kan nytte teori, metodar og teknikkar tilhøyrande sitt fagfelt på ein sjølvstendig måte i handsaminga av vitskaplege problemstillingar
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle eige forskingsbasert kunnskap munnleg og skriftleg i tråd med ålmenne vitskaplege krav
- kan resonnere sjølvstendig og utarbeide ein stringent argumentasjon, munnleg og skriftleg
- har eit sjølvstendig og reflektert forhold til teori og metode relevant for forsking retta mot skulen, tileigna gjennom eigen forskingspraksis
- har ei sjølvstendig haldning til faglege framstillingar og empirisk materiale
- kan vurdere behov for ny kunnskap innan sitt fagfelt, relevant for skulen
- kan bruke sin kompetanse på nye områder innan sitt fagområde
Krav til forkunnskapar
Gjennomført eller godskrive studieretningsemne, samt fellesemne MDIP503 (Didaktiske praksisar) og MDIP504 (Vitskapsteori og metode). MDIP505 (Utdanningsforsking i praksis) må vera bestått før innlevering av masteroppgåva (MDIP550).
Undervisnings- og læringsformer
Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid, og skal gjennomførast under rettleiing. Det skal utformast rettleiingsavtale for arbeidet. Studenten skal ta initiativ til rettleiing, og har ansvaret for arbeid med masteroppgåva etter oppsett plan. Det vil bli arrangert seminar der studentane legg fram utkast til tekstar i ulike fasar av masterprosjektet. Det blir forventa at studentane deltar aktivt i diskusjon av eigne og andre medstudentar sine tekstar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studentane skal delta med tekstutkast og/eller praktisk framlegging av masteroppgåva på seminar minst to gonger i arbeidet med masteroppgåva. På seminaret skal studentane leggje fram arbeidet sitt for drøfting og respons frå medstudentar og rettleiarar i ulike fasar i arbeidet, og gje tilbakemeldingar til medstudentar.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjent av faglærar før studenten kan levere inn masteroppgåva. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det bli gitt skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før innleveringsfristen for masteroppgåva.
Nærare retningslinjer for dei obligatoriske læringsaktivitetane blir gjevne ved semesterstart.
Vurderingsform
Vurderinga består av ei skriftleg oppgåve (Masteroppgåve), som skal skrivast individuelt eller i par, og ein individuell justerande munnleg eksamen.
Masteroppgåve
Omfang og formalia for oppgåva er å finne i generelle retningslinjer for masteroppgåver ved fakultetet.
Justerande munnleg eksamen
Eksaminasjon i inntil 45 minutt med utgangspunkt i oppgåva. Vurderinga av den munnlege prestasjonen kan justere karakteren på masteroppgåva opp eller ned maksimalt ein karakter.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Dersom masteroppgåva ikkje er bestått er det mogeleg å levere forbetra versjon i løpet av dei to påfølgjande semestera. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny masteroppgåve.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel