MGUNOR301 Norsk på ungdomssteget 1: Språk, kultur og historie
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Norsk 2 emne 1 - Språk, kultur og historie (MGUNOR301) bygger på Norsk på mellomsteget 1: Språk- og tekstkunnskap og Norsk på mellomsteget 2: Litteratur- og tekstkunnskap.
Emnet går parallelt med MGUNOR401 Norsk på ungdomssteget 2: Litteratur, kultur og historie
Emnet gir historisk bakgrunn og meir omfattande kunnskap om sentrale språklege emne, djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i norskundervisninga og betre fagleg grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Studentane får òg godt høve til å vidareutvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har solid kunnskap om språkteoretiske omgrep og perspektiv og språkdidaktiske tilnærmingar.
- har solid kunnskap om språkleg variasjon i tale og skrift, norsk som første- og andrespråk og norsk i eit internasjonalt kontrastivt perspektiv.
- har solid kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål.
- har kunnskap om andre nordiske språk, også samisk.
- har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine.
- har kunnskapar om skilnader på tale og skrift, og kva som kjenneteiknar den munnlege kulturen og skriftkulturen
Ferdigheiter
Studenten
- kan bruke grammatikk- og språkkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og samansette tekstar.
- kan gi tilpassa opplæring for minoritetselevar med ulike ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk.
- kan setje i gang, rettleie og vurdere skriftleg tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget, kan formulere relevante kriterium for vurdering og grunngi karakterane ein set.
- kan lese, tolke og reflektere over akademiske fagtekstar på norsk, skandinaviske språk og engelsk.
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål.
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i skulefaget si historie og eigenart som språk-, kultur- og danningsfag.
- kjenner til norskdidaktisk forsking og utviklingsarbeid og kan drøfte faghistoriske problemstillingar.
- kan formidle fagstoff om språk, tekstar og medium i relevante uttrykksformer.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Norsk 2 emne 1 - Språk, kultur og historie (MGUNOR301) bygger på Norsk på mellomsteget 1: Språk- og tekstkunnskap og Norsk på mellomsteget 2: Litteratur- og tekstkunnskap.
Undervisnings- og læringsformer
Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Emnet skal ha varierte arbeidsformer og obligatoriske læringsaktivitetar. Arbeidsformene vil vere forelesing, rettleiing, studentframlegg, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper. Studentane skal utvikle evna til å lese og skrive akademiske tekstar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet følgjer av kva studenten vel til FoU-oppgåve (på 301) / semesteroppgåve (på 302). Dersom studenten skriv FoU-/semesteroppgåve med tema som soknar til dette kurset (språkleg e.l.), er det obligatorisk å delta på oppgåveseminaret til FoU-oppgåva.
Dersom studenten ikkje vel FoU-/semesteroppgåve med tema som soknar til dette kurset, kjem det i staden tre særskilde læringsaktivitetar, minst to skriftlege. To av dei inngår i vurderingsmappe.
Alle desse tre eller deltaking på FoU-seminar må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Studentar som ikkje får godkjent ein av desse læringsaktivitetane, får eitt (1) nytt forsøk same semester, innan ein frist sett av faglærar.
I tillegg har kvar undervisningsøkt ei øvingsoppgåve som det er obligatorisk å delta i. For å kunne gå opp til eksamen, må studentane ha vore med på 80% av desse oppgåvene.
Vurderingsform
Studenten skal skrive FoU-oppgåve enten i MGUNOR301 eller MGUNOR401.
Dersom studenten skriv FoU-oppgåve i gjeldande emne, MGUNOR301, er eksamen denne:
- Individuell eller parvis skriftleg FoU-oppgåve. Oppgåva skal vere profesjonsretta. Målform: Valfri.
- Munnleg eksamen.
- Vekting: Oppgåve 60 % og munnleg eksamen 40 %. Karakterskala: A-F, der F svarar til ikkje bestått. Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen. Det er mogeleg å levere forbetra versjon (FoU-oppgåve) i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny FoU-oppgåve.
Dersom studenten skriv FoU-oppgåve i emne MGUNOR401, er eksamen i gjeldande emne, MGUNOR301, denne:
- Mappevurdering av dei to innleverte tekstane som står under «obligatoriske læringsaktivitetar». Den eine skal vera på bokmål, den andre på nynorsk.
- Munnleg eksamen.
- Vekting: Mappevurdering 60% og munnleg eksamen 40%. Karakterskala: A-F, der F svarar til ikkje bestått. Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet. Ved ikkje bestått på ein av delane, kan den delen som ikkje er bestått bli tatt som ny eksamen. Ved ikkje bestått mappevurdering kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
- FoU-oppgåve/semesteroppgåve: Alle hjelpemiddel er tillate. For informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)
- Munnleg eksamen: Ingen hjelpemiddel
- Mappevurdering: Alle hjelpemiddel er tillate. For informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)