MOØ300 Masteroppgåve
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
I det siste semesteret av masterprogrammet i Innovasjon og leiing skal studentane skrive ei masteroppgåve. Masteroppgåva skal skrivast i grupper på to studentar. Oppgåva skal vere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid, der studentane viser evne til kritisk tenking, kjennskap til kontekst, kunnskap om litteratur, forskingsdesign og analytiske ferdigheiter. Desse ferdigheitene må nyttast innanfor fagområda til studieprogrammet. Sentrale teoriområde i masteroppgåva må vere knytt til sentrale teoriområde i studieprogrammet. Masteroppgåva skal ha ein teoretisk del, ei metodisk utgreiing, ein del for empirisk analyse og funn, og ein del som diskuterer funn mot tidlegare forsking. Oppgåva kan òg løysast som ei litteraturgjennomgang.
Læringsutbytte
Målet med emnet er å gjere studentane i stand til å gjennomføre eit uavhengig vitskapleg arbeid. Studentane skal opparbeide seg djupnekunnskap om den spesifikke problemstillinga som er valt for masteroppgåva og utvikle metodekunnskapar som støttar arbeidet.
Etter å ha gjennomført og bestått emnet vil studenten ha tileigna seg kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som skildra under:
Kunnskapar:
- Avansert kunnskap om relevante teoriar og metodar knytt til innovasjon og leiing
- Særleg innsikt i spesifikke problem- og teoriområde valt som tema for oppgåva
- Inngåande metodekunnskap relevant for gjennomføring av eit sjølvstendig forskingsprosjekt
- Kunnskap til å kritisk vurdere ulike datakjelder, teoriar og litteratur
Ferdigheiter:
- Planleggje, gjennomføre og dokumentere eit avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i samarbeid med andre
- Analysere og kritisk vurdere ulike datakjelder, teoriar og litteratur på ein sjølvstendig måte
- Vurdere kva som er tenleg forskingsdesign, datainnsamlingsmetode og analysetilnærming for å svare på vald problemstilling
- Nytt relevante teoretiske perspektiv og forskingsmetodar til å analysere data for å svare på vald problemstilling
- Organisere, samanfatte og strukturere ulike datakjelder, samt kritisk analysere desse ved hjelp av relevante teoriar og metodar
- Skrive akademisk, inkludert strukturere og formulere fagleg argumentasjon, samt følgje reglar for referering og kjeldebruk i samsvar med etablerte standardar for forskingsetikk
Generell kompetanse:
- Analysere og forstå vitskaplege forskingsrapportar og artiklar
- Kommunisere eige arbeid med bruk av fagspråk og terminologi frå det akademiske feltet
- Kommunisere forskingsresultat til både spesialistar og befolkninga elles
- Analysere og forstå styrker og svakheiter ved forskingsarbeid
- Kvalifisere for opptak til PhD-programmet Ansvarleg innovasjon og regional utvikling (RESINNREG).
Krav til forkunnskapar
Studentane må vere tekne opp på masterprogrammet. Dei må ha fullført 60 studiepoeng av kursdelen av masterprogrammet for å få rettleiing og ha moglegheit til å levere oppgåva.
Undervisnings- og læringsformer
Rettleiar gir rettleiing til studentgruppa i rettleiingsmøter. Kvar studentgruppe har rett til maksimalt 10 timar slike møter.
Både rettleiar(ar) og alle medlemmane i studentgruppa skal fylle ut og skrive under på ei rettleiingskontrakt.
Obligatorisk læringsaktivitet
Fire arbeidskrav må bli godkjente for å få levere masteroppgåva. Arbeidskrav 1 skal leverast i semesteret før undervisningssemesteret.
- Fylle ut kort prosjekskikdring (eigen mal)
- Levere signert rettleingskontrakt
- Delta og presentere på midtvegsseminaret'
- Lage plakat etter mal
Vurderingsform
Skriftleg masteroppgåve og justerande munnleg.
To studentar skal skrive ei felles masteroppgåve med likeverdige bidrag.
Karakteren på den skriftlege masteroppgåva er felles for studentgruppa. Karakteren blir kunngjort minst 24 timar før den justerande munnlege eksamenen begynner. Karakteren etter justerande munnleg er felles for studentgruppa. Karakteren kan bli justert opp eller ned med maksimum éin karakter basert på justerande munnleg.
Sensorgruppa består av to medlemmar, der eitt er eksternt. Sensorgruppa set felles karakter.
Karakterskalaen er A-F, der F er stryk.
Hjelpemiddel ved eksamen
Skriftleg masteroppgåve: Alle (sjå Hjelpemiddel ved eksamen, Skrive og refere og Retningslinjer om fusk).
Munnleg eksamen: Ingen
Meir om hjelpemiddel