PHDH901 Helse, funksjon og deltaking
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Ph.d.-studiet helse, funksjon og deltaking er ei forskarutdanning for dei som vil bidra til å utvikla ny kunnskap for helse- og velferdsfeltet, sivilsamfunnet, og offentleg og privat sektor. Dette emner er ei fordjuping i ph.d.-studiet sin profil.
Studiet er forankra i ein folkehelsetradisjon der samfunnsvitskap, sosialvitskap og helsevitskap utfyller kvarandre. Den faglege profilen og emneporteføljen i ph.d.-programmet bygger på eit tverrvitskapleg perspektiv på helse, levekår, sosial ulikskap og rettferd, der studiar av tilhøve mellom person og miljø er sentralt. Forskingsprofilen til programmet er brei tematisk, teoretisk og metodisk, frå cellenivå til samfunnsnivå, og frå kvardagsliv og lokalsamfunn, til regionale og globale utfordringar. Forskingsfelta femnar ulikskap og rettferd i levekår og helse, studiar av helse og kvardagsliv frå akutt og kritisk sjukdom til avansert behandling, til å leve med langvarig sjukdom eller redusert funksjon, og studiar av strukturelle, materielle og politiske vilkår for sosial deltaking. Gjennom den faglege profilen og emneporteføljen viser studiet at tverrvitskapelege tilnærmingar er naudsynt for å utvikle ny kunnskap om velferd og helse i lys av lokale, regionale og nasjonale utfordringar som til dømes demografiske endringar, og auka omfang av personar som lever med ikkje-smittsame sjukdomar. Globale utfordringar knytt til migrasjon, konflikt og klimaendringar, samt ein velferdsstats modell under press, krev og tverrvitskapelege tilnærmingar.
Læringsutbytte
Etter fullført emne PHDH901 skal kandidaten ha oppnådd følgjande overordna læringsutbytte:
Kunnskap: Kandidaten...
- har avansert kunnskap om og forståing av ulike perspektiv på helse, funksjon og deltaking
- ha avansert kunnskap om korleis levekår og helse påverkar kvarandre, og korleis urettferdig ulikskap kan møtast
- har inngåande innsikt i korleis helse, funksjon og deltaking vert påverka og endra gjennom samspel mellom menneske, alt levande, levekår og omgjevnader i vid forstand
- har kunnskap om korleis stat, sivilsamfunn, grupper og individ kan påverkast for å fremje folkehelse og velferd
- har kunnskap om tverrvitskapleg forsking og vilkår for tverrfagleg samarbeid
- har djupnekunnskap på sitt fagområde og kan sjå dette i samanheng med vitskapsteoretiske og forskingsetiske problemstillingar som er relevante for helse- og sosialvitskap
Ferdigheiter: Kandidaten...
- kan kritisk vurdera eksisterande kunnskap og praksisformer på sitt felt, og peike på behov for ny kunnskap innanfor sitt forskingsområde
- er i stand til å vurdere eigne forskingsresultat kritisk i forhold til eksisterande kunnskap og forsking innanfor same område
- kan ta initiativ til og legge til rette for tverrvitskapleg forsking og tverrfagleg samarbeid
Generell kompetanse: Kandidaten...
- har kompetanse til å identifisere og analysere viktige og relevante forskingsetiske problemstillingar og følgje forskingsetiske retningslinjer
- har kompetanse til å analysere konkrete utfordringar knytt til helse, funksjon og deltaking ved å bruke tverrvitskaplege perspektiv
- kan grunngje praktisk og teoretisk bruk av eige kunnskapsbidrag
- kan formidle forskings- og utviklingsarbeid til ulike målgrupper i relevante og anerkjente nasjonale og internasjonale kanalar
- har kompetanse til å sjå korleis globale og lokal utfordringar påverkar kvardagsliv og levekår på individ, gruppe og samfunnsnivå
- har kunnskap om korleis velferds- og helsetenestene påverkar fordeling av goder og byrder, og kan bidra med ny kunnskap for eit bærekraftig velferdssamfunn og helsevesen.
Krav til forkunnskapar
- Ph.d.-kandidat fra HVL eller ekstern institusjon, eller kandidat med relevant ph.d.-prosjekt under planlegging.
- HVL-tilsett som skal bli kvalifisert til førstestilling
Tal på deltakarar: Det vert teke atterhald om minst 5 og maksimalt 20 deltakarar i emnet. Tal på stipendiatar som deltek bør utgjere 50% eller meir av totalt tal deltakarar.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga er lagt til byrjinga av haustsemesteret og går over omlag seks veker, inkludert førebuing, fire døgn på hotell, skriving og utveksling av kommentarar på medstudenter sine presentasjonar og essay, ein heil dag på Campus Bergen, og eksamen.
Den pedagogiske plattforma er bygd på prosessorientering læring med undervegs-evaluering, dialogbaserte seminar, litteraturpresentasjonar, prosessorientert skriving med individuell og gruppebasert rettleiing, og individuelt studiearbeid. Undervisning og arbeidskrav vil tilpassast dei aktuelle kandidatane sine ph.d.-prosjekt. Dagsaktuelle og klassiske problemstillingar vil takast opp til diskusjon, og knytast til vitskapsteoretiske, metodiske eller etiske utfordringar. Kandidaten sin kunnskap og erfaring frå tidlegare studiar og arbeidsliv gir grunnlag for refleksjon, kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling.
All undervisning og læringsaktivitet er anten på engelsk eller på skandinavisk språk, det same gjeld litteratur og arbeidskrav. Kandidatane skal kunne bruke engelsk i tillegg til eige morsmål i si akademiske verksemd.
Eksamen er eit vitskapleg essay med ein sjølvvald tematikk. Første utkast leverast før samlinga. Studentar gir kvarandre tilbakemeldingar på essayet, alle får gruppebasert tilbakemelding frå faglærarane. Alle får skriftleg individuell tilbakemelding på andre uklast før eksamen.
Studie og arbeidsform føreset at alle er til stades på samlingane.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ingen
Vurderingsform
Oppgåve
Oppgåve - vitenskapelig essay om sjølvvald tema. Detaljerte faglege og formative krav blir gjort kjend ved emnestart.
Vurderingsuttrykk
Bestått / ikkje bestått
Ny eksamen
Ved ikkje bestått vurdering kan studenten velge å revidere første versjon av eksamens-essayet, eller skrive eit nytt vitskapelig essay. Ny eksamen kan leverast ein gong.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillate.
Meir om hjelpemiddel