Hopp til innhald

PL462 Naturerestaurering

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet omhandlar restauriering av natur, med hovudfokus på dei semi-naturlege naturtypane (kulturmarkstypane), i tillegg til innføring i viktige forvaltningsprinsipp og virkemiddel for å ta vare på verdifullt kulturlandskap. Emnet startar med ei innføring i grunnprinsippa for økologisk restaurering av natur. Studentane får ei oversikt dei ulike typane kulturmark, regionale variasjonar, og metodar for restaurering og skjøtsel. Studentane får også kunnskap om korleis ein kan utnytte kulturlandskapsverdiane i arealplanlegging og etablering av nye grøne areal.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten skal

ha kunnskap om hovudprinsippa for restaurering av natur

ha kunnskap om variasjonen i kulturmarkstypar som er forma gjennom tradisjonell landbruksdrift

ha kunnskap om metodar for skjøtsel og restaurering av semi-naturlege naturtypar

ha kunnskap om forvaltninga av og virkemiddel for å ta vare på det tradisjonelle kulturlandskapet

Ferdigheiter

Studenten skal

kunne kjenne igjen ulike kulturmarkstypar og vite kva og skjøtselsmetodar som kreves for oppretthalde desse

kunne forstå og vurdere planar for skjøtsel og restaurering av semi-naturlege naturtypar og kulturlandskap

Generell kompetanse

Studenten skal

ha forståing for verdiane som finst i det tradisjonelle kulturlandskapet, og kvifor det er viktig å ta vare på eller restaurere dei semi-naturlege naturtypane.

kunne utnytte kulturlandskapsverdiane i planleggingssamanheng

Krav til forkunnskapar

Nei

Tilrådde forkunnskapar

PL 471 Kulturminneforvaltning

BI 434 Vegetasjonsøkologi

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, videopresentasjonar, øvingsoppgåver og ekskursjonar

Obligatorisk læringsaktivitet

Godkjent prosjektrapport

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar.

Karakterskala: A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel