Hopp til innhald

RE6-1001 Grøn destinasjonsutvikling

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet tek føre seg teoriar, teknikkar, prosessverktøy og metodar for å arbeide praktisk med berekraftig destinasjonsutvikling og heilskapleg reiselivsplanlegging. Emnet tek bl.a. føre seg overordna planlegging og utvikling i reiselivet, og kunnskap om og styringssystem og reiselivsorganisering for handtering av økonomiske, fysiske, miljømessige og kulturelle utfordringar knytt til reiselivsutvikling.

Emnet tek føre seg eit heilskapleg, berekraftig perspektiv på områdenivå (region/reisemål) og korleis lage ein reiselivsplan , prosessen kring det og kva interessentar som bør vere med.

Fylgjande tema er sentrale i emnet:

  • destinasjonsutvikling - metodar, analysar, verktøy og prosess
  • reiselivsplanlegging- og utvikling (globalt/internasjonalt-, nasjonalt-, regionalt-, og lokalt nivå)
  • marknadsføring av reisemål, både nasjonalt og internasjonalt
  • innføring i prosjektutvikling, prosjekt- og prosesstyring i reiselivet (prosjektleiing)(PLP-metoden)
  • organisering av reiselivet ¿ ulike nivå og funksjonar
  • berekraftig reiselivsutvikling ¿ innhald og prinsipp. Ulike prinsipp og mål for berekraft
  • miljømessige, sosiokulturelle, kulturelle og samfunnsmessige verknader av reiselivet
  • samanhengen mellom kommunale planer og destinasjonsutvikling, med spesielt fokus på kommuneplan og arealplanlegging

Læringsutbytte

Etter fullført emne vil:

Kunnskapar:

- studenten vite korleis og kvifor ein bør utvikle eit berekraftig destinasjon etter ein heilskapleg plan

- studenten ha kunnskap kring destinasjonars livssyklus

- studenten sjå utfordringar knytt til berekraftig destinasjonsutvikling og reiselivsplanlegging , både på bedriftsnivå men og på reisemålsnivå.

- studenten ha kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid innan destinasjonsutvikling.

- studenten ha kunnskap om fagområdet sin eigenart, historie, tradisjonar og plass i samfunnet.

Ferdigheiter:

- studenten nytte prosessverktøy og metodar for oppstart, organisering og gjennomføring av berekraftige destinasjons- og reiselivsplanprosessar/-prosjekt

- studenten nytte undersøkings- og analyseverktøy for evaluering av reisemål

- studenten kunne nytte metodar og verktøy for implementering og gjennomføring av utviklingstiltak som produktutvikling/næringsutvikling på ulike reisemålsnivå

- studenten kunne nytte verktøy og metodar for å kunne setje i gong og arbeide med heilskapleg reisemålsutvikling av destinasjonar, kommunar og regionar til ein reiselivsplan.

Generell kompetanse

- studenten skal kunne starte og fullføre ein planprosess for reisemål.

- studenten skal kunne utvikle eit reisemål etter berekraftige prinsipp.

- studenten skal ha innsikt i relevante problemstillingar i destinasjonsutvikling.

- studenten skal kjenne til nyskaping og innovasjonsprosessar innan destinasjonsutvikling.

- studenten skal kunne formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar, både skriftleg og munnleg, og kunne utveksle synspunkt og erfaringar innan fagområdet og dermed bidra til utvikling av god prakis.

- studenten skal forstå samanhengen mellom kommunale planer og destinasjonsutvikling, med spesielt fokus på kommuneplan og arealplanlegging

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

RE6-1000 Reiselivskunnskap

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, sjølvsstudium, podcast, seminar, gjesteførlesingar og øvingsoppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

Inntil 3 arbeidskrav.

Vurderingsform

Heimeksamen, ei veke (5 dager) i gruppe på 2 - 4 personer - vekting 100%

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler tillatne

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • RE6-103 - Reiselivsplanlegging og berekraftig reiseliv - Reduksjon: 5,5 studiepoeng
  • RE6-103 - Reisemålsutvikling - Reduksjon: 5,5 studiepoeng
  • FØS8201 - Grøn destinasjonsutvikling - Reduksjon: 7,5 studiepoeng