Hopp til innhald

SAB320 Refleksjon over fag og yrke

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I emnet skal studentane fordjupe seg i ulike teorier i sosialt arbeid. Det tas utgangspunkt i læringsutbyttet i praksis, med særleg vekt på utvikling av evne til kritisk refleksjon over fag og yrkesutøving. Kunnskapen skal brukast i refleksjon og diskusjon om sosialt arbeid som fag og yrke, knytt til aktuelle problemstillingar i faget.

Studentane skal tileigne seg kunnskap om makt, skjønn, avgjerdsteori og etikk. Dei skal bruke denne kunnskapen til kritisk å reflektere over sosionomen si profesjonsutøving i velferdssystemet og i møte med brukarar. Studentane skal også kunne anvende kunnskap om korleis kontekstuelle faktorar pregar yrkesutøvinga, og teoretiske perspektiv innan sosialt arbeid.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha fylgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap: Studenten...

  • har brei kunnskap om sosialt arbeids teorigrunnlag og metodar som retter seg mot individ, familiar, grupper og samfunn.
  • har brei kunnskap om teoretiske perspektiv, erfarings- og brukarkunnskap i sosialt arbeid og andre relevante fagområder.
  • kjennskap til fagets vitskapsteoretiske posisjonar, kunnskapsutvikling og profesjonen sitt samfunnsansvar.
  • kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid relevant for sosialt arbeid, nasjonalt og internasjonalt.
  • har kunnskap om fagområdets eigenart og plass i samfunnet.

Ferdigheiter: Studenten...

  • kan bruke forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap i profesjonsutøvinga.
  • kan finne, vurdere og vise til relevant informasjon og fagstoff og framstille dette både munnleg og skriftleg.
  • kan tileigne seg ny kunnskap og kan foreta faglege vurderingar, avgjersler og handlingar i tråd med kunnskapsbasert praksis. Vidare skal kandidaten også kunne dokumentere og formidle sin faglege. kunnskap

Generell kompetanse: Studenten...

  • har innsikt i menneskesyn og verdiar i sosialt arbeid, profesjonsetikk, ulike etiske teoriar og kan handtere etiske dilemma i yrkesrollen.
  • har innsikt i maktstrukturar og maktutøving i samfunnet.
  • har innsikt i og kan reflektere kritisk over sin profesjonelle rolle i møte med institusjonelle og politiske krav i tenesteutøvinga.
  • har innsikt i korleis utvise dømmekraft i situasjonar med mangelfull og/eller motstridande informasjon og identifisere muligheitsrom innan ulike profesjonelle og institusjonelle kontekster.
  • kan formidle sosialt arbeids kunnskap og utveksle synspunkt og erfaringar med samarbeidspartnarar og gjennom dette bidra til innovasjon og utvikling av god praksis.

Krav til forkunnskapar

Alle emne i første studieår og andre studieår må vere greidd.

Tilrådde forkunnskapar

SAB310 og SABP3 (Praksisemnet).

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta klasseromundervising i tillegg til studentaktive læringformer.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgjande to obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende for at studenten kan framstille seg til eksamen:

  1. Krav om minimum 80% nærvær pr. bolk i studentaktiv undervisning.
  2. Skriftleg innlevering med omfang 1500 ord +/- 10%.

Arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Godkjente læringsaktivitetar er gyldige i fire semester.

Vurderingsform

Heimeeksamen Individuell skriftleg heimeeksamen over 5 dagar. Omfang: 3000 ord +/- 10%.

Tid for eksamen, sjå Studentweb.

Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala. A til E er greidd. F er ikkje greidd.

Ny eksamen Ny heimeeksamen vert gjennomført på same måte som ordinær eksamen

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler er tillatt, det vert køyrd plagiatkontroll.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • SOS5-310 - Modellar i sosialt arbeid - fagutvikling og forsking i sosialt arbeid - Reduksjon: 15 studiepoeng
  • BSO311 - Refleksjon over fag og yrke - Reduksjon: 15 studiepoeng