Hopp til innhald

SYKF390 Bacheloroppgave

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

I emnet skal studenten fordjupe seg i ei sjukepleiefagleg problemstilling og klargjere denne ved hjelp av teoretiske perspektiv, forsking og erfaringsbasert kunnskap. Emnet tek sikte på å skape grunnlag for kunnskap og forståing for sjukepleie som fag, profesjon og vitskap.

I emnet skal det gjennomførast eit systematisk akademisk arbeid, kor målet er å belyse ny kunnskap, samt bidra til kvalitetsutvikling og innovasjon i sjukepleie.

Oppgåva kan ha følgande form:

1. Litteraturstudium knytt opp mot avgrensa problemstilling

2. Essay basert på erfaringskunnskap med refleksjon over relevant fagkunnskap og forsking

3. Empirisk oppgåve basert på deltaking i eit forsknings- eller fagutviklingsprosjekt

Studentane kan skrive oppgåva i par eller individuelt.

Studenten skal følge HVL sine retningslinjer for bacheloroppgåve.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten…

  • har brei kunnskap om sentrale verdiar, teoriar og omgrep i sjukepleie som fag og profesjon
  • har kunnskap om vitskapsteori, forskingsmetode og forskingsetikk
  • har kunnskap om korleis ein kan oppdatere sin fagkunnskap

Ferdigheiter:

Studenten…

  • kan nytte fagleg kunnskap om helse, sjukdom og samfunn
  • kan meistre eit strukturert litteratursøk, nytte og kritisk vurdere forskingsresultat og anna akademisk litteratur
  • kan nytte fagleg kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i arbeid med valgt problemstilling
  • kan reflektere over og handtere faglege, etiske og juridiske problemstillingar
  • kan reflektere over eksisterande praksis, og drøfte implementering av ny kunnskap og innovasjon
  • kan finne, vurdere og vise til akademiske tekster

Generell kompetanse:

Studenten…

  • kan planlegge og gjennomføre eit prosjekt
  • kan planlegge, gjennomføre og formidle eit systematisk akademisk arbeid
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar
  • kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis

Krav til forkunnskapar

SYK100, SYK110, SYK130, SYK120P, SYK140, SYK200, SYK220P, SYK230P

Tilrådde forkunnskapar

SYK300, SYK250, SYK260P, SYK320P, SYK330P, SYK360P

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Arbeid i grupper
  • Digitale ressursar
  • Formidling frå studentar
  • Rettleiing
  • Medstudentrespons
  • Skriftleg arbeid
  • Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjent før kandidaten kan framstille seg til eksamen:

1. Prosjektplan, inntil 1500 ord

2. Ei rettleiing knytt til prosjektplan

3. To rettleiingar knytt til bacheloroppgåva

Ei av rettleiingane i punkt 2 eller 3 skal vera seminar

Ved fråvær frå obligatoriske læringsaktivitetar gjeld dei same reglane som for gyldig fråvær i praksis, jfr forskrift om studium og eksamen ved HVL.

Vurderingsform

Bacheloroppgåve i sjukepleie.

Parvis eller individuell skriftleg oppgåve.

Vurderingsuttrykk

Gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakter og F er ikkje bestått.

Ny eksamen:

Ved ikkje bestått vurdering kan ein forbetra versjon av bacheloroppgåva leverast til sensur ein gong til. Kandidaten har rett på to nye rettleiingar.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel