GE482 Hydrogeologi

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet gir først ei kort innføring i sentrale hydrologiske omgrep som vatnet sitt kretslaup og vassbalanse på lokal skala.

Den hydrogeologiske delen omhandlar førekomsten av markvatn i umetta sone og grunnvatn i fjell og lausmassar; grunnvasshydraulikk og geologiske føresetnader for grunnvassmagasin. Undersøkingsmetodar for grunnvatn med berekning av hydrauliske parametrar og grunnvatnet som transportagens for forureiningar og grunnvasskjemi vert også gjennomgått. Bruk av grunnvatn til vassforsyning. Grunnvatnet si rolle i samband med stabilitetsproblem i jord og fjellmassar, og grunnvasslekkasje til tunnelar, vert også behandla. Det vert også gitt ei enkel introduksjon til matematisk modellering av grunnvasstrøyming.

I feltkurset gjer vi felt- og analyseoppgåver i eit mindre nedbørfelt; vassføringsmålingar, instrumentering og etablering av undersøkingsbrønnar for grunnvatn. På ekskursjonar ser vi på ulike typar grunnvassførekomstar i fjell- og lausmassar.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne skal studentane:

Kunnskap

  • Ha forståing for komponentane i det hydrologiske kretsløpet
  • Ha kunnskap om danning og strøyming av grunnvatn i fjell og lausmasser
  • Ha kunnskap om praktisk bruk av grunnvatn til vassforsyning og grunnvatnet si rolle i samband med flaum, erosjon og geotekniske problemstillingar.

Ferdigheiter

  • Kunne utføre enkle hydrologiske/ hydrogeologiske overslagsberekningar
  • Kunne utføre hydrogeologisk feltarbeid og gjer hydrogeologiske vurderingar i felt

Generell kompetanse

  • Kunne bruke hydrogeologisk kunnskap i praktiske problemstillingar
  • Kunne forstå innhaldet i hydrogeologiske rapportar og publikasjonar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GE406 Geologi Grunnkurs, MA414 Matematikk naturfag, FY400 Innføring i fysikk

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar med rekneoppgåvar, feltkurs, ekskursjonar

Arbeidskrav

Deltaking på feltkurs, godkjent rapport frå feltkurs, godkjente rapportar frå ekskursjonar

Vurderingsform

Skriftleg eksamen 4 timar

Bokstavkarakter A-F

Hjelpemiddel ved eksamen

Kalkulator

Meir om hjelpemiddel