LEI104 Eigedomsdanning ved oppmålingsforretning

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Kurset er eit praktisk orientert kurs i utføring av oppmålingsforretning, der utføring av feltarbeid er ein sentral del av kurset. I kombinasjon med forelesingar skal studentane gjennom utføring av reelle oppmålingsforretningar få forståing av vårt norske system for danning av eigedomar.

Kurset gjev ei grundig innføring i matrikkellova og saksbehandling for deling av eigedom basert på at studentane i grupper utfører reelle kartforretningar i samarbeid med ein eller fleire kommunar. Studentane utfører arbeidet med varsling av forretning, merking og måling av eigedomsgrenser, samt dokumentasjon for matrikkelføring. Feltarbeidet vert gjennomført som eit integrert opplegg med kurset LEI105 Eiendomslandmåling.

Læringsutbytte

Kunnskapar

  • kunnskap om eigedomsdanning
  • kunnskap om matrikkellova og matrikkelen
  • kunnskap om utføring av oppmålingsforretningar
  • kunnskap om rettsverknader av oppmålingsforretningar

Ferdigheiter

  • kunne gjennomføre ei oppmålingsforretning med føring av protokoll
  • greie ut om rettsverknader av ei oppmålingsforretning

Generell kompetanse

  • Ha forståing av korleis eigedomar oppstår og privatrettslege og offentlegrettslege verknader av oppmålingsforretning.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

LEI103 Eigedom og matrikkel

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og feltarbeid i form av førebuingar og gjennomføring av oppmålingsforretning.

Arbeidskrav

1 obligatorisk innlevering må vere godkjent for å kunne ta eksamen.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i 3 påfølgjande semester.

Vurderingsform

Eksamen består av to delar:

  • Prosjektoppgåve (40 % av endeleg karakter). Oppgåva er gyldig i 3 semester etter avlagt ordinær eksamen
  • Munnleg eksamen (60 % av endeleg karakter)

Karakterskala A-F der F tilsvarar ikkje bestått.

Begge delar må vere bestått for å få karakter i emnet.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel