MGUKØ302 Kroppsøving 2, emne 1

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL hausten 2020. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Emnet tek sikte på at studentane får auka praktisk-pedagogiske kompetanse, og videreutvikla ein sjølvstendig og fagleg refleksjon over undervising og læring i faget.

Emnet er sett saman med bidrag frå ulike område med tanke på å styrke studentane sin faglege og fagdidaktiske forståelse. Sentralt står faglege aspekt som vurdering, danning, kunnskap om kroppen, trening og kroppsleg læring.

Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande tema slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om vurdering og dokumentasjon av læring i kroppsøving
  • har kunnskap om arbeid med danning og respekt for andre i samband med kroppsøving
  • har kunnskap om bevegelsesmiljø, trening og treningsprinsipp eigna for elevar
  • har kunnskap om kroppen og kroppen i bevegelse, spesielt med tanke på læring av bevegelsesaktivitetar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan vurdera ulike fagdidaktiske problemstillingar knytt til eigen lærarkompetanse, undervising og læring i kroppsøving
  • kan nytte kunnskap i faget med formål å inkludera alle elevane i kroppsøving
  • kan vidareutvikle eigne ferdigheiter og kunnskapar innan ulike bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytta av dette i undervisning i kroppsøving
  • kan arbeida tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektera over fagets innhald og rolle i ein fleirkulturell skule
  • kan kommunisere med elevar, føresette og kollega om kroppsøving

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kroppsøving del 1 og del 2 gir grunnlag for den faglege forståinga og eigenutviklinga som dette emnet legg opp til.

Undervisnings- og læringsformer

Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.

Arbeidskrav

  • Det vil vere krav om frammøte knytt til nokon av dei obligatoriske læringsaktivitetane
  • Deltaking på turar/ekskursjonar
  • Skriftleg innlevering på bakgrunn av gitt oppgåve
  • Observasjon knytt til føresetnadar hos elevar og tilpassa opplæring

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav

Vurderingsform

Individuell skriftleg skuleeksamen, 5 timar.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel