MOA250 Eiendom og arealadministrasjon

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Etter å ha gjennomført kurset skal studenten ha avansert forståing av korleis fast eigedom og bruksrettar vert danna og endrar seg, sentrale omgrep i eiegedomshistoria og eigedomsregistra si historie, og funksjoner. Studenten skal forstå forholdet mellom privat eigedomsrett og offentleg kontroll og regulering, korleis eiendomsrettar verkar inn på planlegging og forvalting av areal og miljøverdiar, og korleis mangelfull kvalitet i eigedomsinformasjon kan føre til eiendomstvistar og påverke gjennomføring av planar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten

  • Har kunnskap om sentrale omgrep i norsk eigedomshistorie
  • Har avansert kunnskap om kjelder for eigedomsinformasjon
  • Har avansert kunnskap om og forståing for omgrep som fast eigedom, eiendomsrettar og bruksrettar
  • Har avansert kunnskap om eigedomsregistra sine funksjonar, og kvalitet på eigedomsinformasjon
  • Har inngående innsikt i det funksjonelle forholdet mellom privat eigedomsrett og offentligrettsleg regulering

Ferdigheiter

Kandidaten

  • Kan gjere greie for sentrale omgrep i norsk eigedomshistorie
  • Kan finne og analysere ulike kjelder for informasjon om fast eigedom
  • Kan greie ut om historia for konkrete eigedomar
  • Kan gjere greie for det rettslege grunnlaget for eigedomsgrenser og bruksrettar

Kompetanse 

Kandidaten

  • Kan reflektere og analysere over korleis feil og manglar ved eigedomsinformasjon kan verke inn på nabo- og mellommenneskelege forhold
  • Kan reflektere og analysere over korleis feil og manglar ved eigedomsinformasjon kan verke inn på gjennomføring av planar og tiltak

Krav til forkunnskapar

Studiets opptakskrav.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, oppgåver

Vurderingsform

Eksamen består av to delar:

  • Individuell semesteroppgåve (60% av endeleg karakter).
  • Munnleg eksamen (40% av endeleg karakter).

Innleveringsfrist for semesteroppgåva vert opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Tid og stad for munnleg eksamen vert opplyst av emneansvarleg.

Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet.

Karakterskala A-F der F tilsvarer ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel