Hopp til innhald

ØAA114 Human Resource Management

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet er forankra i og skal støtte opp om FNs berekraftsmål om anstendig arbeid. Emnet baserer seg på ein kombinasjon av teori og praksiseksempel frå arbeidslivet og gir øving i å nytte teori på praktiske problemstillingar.

HRM er eit kjernefag i moderne organisasjonsutdanning. Emnet gir innføring i korleis organisasjonar kan nyttiggjere seg tilsette sine evner, kunnskapar, eigenskapar og ferdigheiter basert på ei berekraftig forvalting av menneskelege ressursar gjennom heile tilsettingsforholdet frå rekruttering til avslutning. Korleis ein kan legge til rette for læring, kompetanseutvikling, motivasjon, gode arbeidsforhold og jobbtilfredsheit står sentralt. Studiet skal gi grunnleggande kunnskap om HRM-funksjonens ansvar, rolle og oppgåver i styring og leiing av organisasjonar, samt kunnskap om relevante metodar, verkemiddel og verktøy i HRM-arbeidet.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten skal få kunnskap om:

  • sentrale HRM-prosessar gjennom heile tilsettingsforholdet frå rekruttering til avslutning
  • betydninga av strategisk forankring av HRM-arbeidet
  • HRM-funksjonens ansvar, rolle og oppgåver, under dette relevante metodar, verkemiddel og verktøy
  • den norske arbeidslivsmodellen, arbeidslivets spillereglar og betydninga av internasjonalisering for HRM-arbeidet
  • berekraftig forvaltning av dei menneskelege ressursane i ein organisasjon

Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne:

  • analysere, planlegge, gjennomføre og evaluere sentrale HRM-prosessar og -tiltak i ein organisasjon, som rekruttering, arbeidsmiljøutvikling, kompetanseutvikling og avslutning av arbeidsforhold
  • Reflektere kritisk om ulike HRM-praksisar i organisasjonar

Generell kompetanse

Kandidaten skal ha kompetanse til å:

  • formidle sentralt fagstoff innanfor HRM både munnleg og skriftleg
  • bruke kunnskapen til å gi konstruktiv tilbakemelding til andre om HRM-faglege spørsmål
  • bidra til å styrke organisasjonar sin endringskompetanse innanfor HRM

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BØA112 Organisasjon og leiing, eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene vil variere mellom forelesingar, diskusjon og gruppearbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet

1 gruppebasert læringsaktivitet i form av ein munnleg presentasjon og fagfellevurdering må vere godkjend for å kunne ta eksamen.

Vurderingsform

Gruppebasert semesteroppgåve med gruppebasert justerande munnleg eksamen i ca. 30 minutter.

Sluttkarakter baserer seg på karakter på semesteroppgåve som kan justerast opp eller ned maksimalt éin karakter etter munnleg eksamen.

Sluttkarakter etter munnleg eksamen blir sett individuelt for kvart gruppemedlem, basert på prestasjonen på munnleg eksamen.

Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Semesteroppgåve: Alle hjelpemiddel tillatt

Juserande munnleg eksamen: Forberedt presentasjon kan nyttast.

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ØAA102 - Personaladministrasjon - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • VOØ006 - Human Resource Management (HRM) i den norske modellen - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
  • OR6-2003 - Human Resource Management - Reduksjon: 7,5 studiepoeng