Studieplan - Bachelor i fornybar energi
Hausten 2021
Utnytting og produksjon av energi er avgjerande for alle delar av samfunnet. Fornybar energi har historisk vore ei sentral, men relativt sett lite nytta kjelde til produksjon av energi. Noreg er imidlertid i ei særstilling, der elektrisitetsproduksjonen baserer seg bortimot utelukkande på fornybare energikjelder. Samstundes er vi ein av verdas største produsentar av olje og gass, og vi har forplikta oss til FN sine berekraftsmål. Dette medfører eit stadig sterkare fokus på berekraftig omstilling, både av økonomiske og miljømessige årsaker.
Bachelorgraden i Fornybar energi er basert på at heilskaplege og tverrfaglege tilnærmingar er avgjerande for å forstå energitematikk, og studentane lærer om teoriar, omgrep, tilnærmingar og verktøy som er sentrale for å forstå det samansette feltet fornybar energi. Bachelorgraden dekker slik ulike tema, eksempelvis teknologi, økonomi, samspelet mellom teknologi og natur, planlegging, regulering, innovasjon, næringsutvikling og omstilling. Desse temaa vert også sett i samanheng. Kva fornybare energiteknologiar er særleg viktige i dag og i framtida? Korleis kan ein legge til rette for berekraftig utvikling av energiteknologi? Kva rolle spelar forvaltning i utbyggingar av fornybar energi? Kva er dei naturgitte moglegheitene og utfordringane ved produksjon av fornybar energi? Ein kombinasjon av grunnleggande realfaglege og samfunnsfaglege forståingar ligg til grunn for å kunne svare på slike spørsmål, noko som er kjernen i bachelorgraden i Fornybar energi.
Læringsutbytte
Ved fullført bachelorgrad i fornybar energi vil studentane:
Kunnskap
Ha kunnskap om
- energiressursar, -teknologiar og aktørar som dannar Noregs energisystem
- fornybar teknologiutvikling og innovasjon
- dagens økonomiske, politiske og administrative situasjon og deira påverknad/verkemiddel/prosessar knytt til omstilling til låg-utslepps-samfunn
- dei viktigaste sidene ved arealplanlegging, og vite korleis ein bruker plan- og bygningslova i fysisk planlegging, f.eks. ved utbyggingar knytt til fornybar energi, og korleis utbyggingar påverkar landskap og miljø
- sentrale vitskapelege kvalitative og kvantitative metodar brukt til analysering og vurdering av fornybar energi frå ulike disiplinar og akademisk skriving, medrekna kritisk kjeldebruk
Ferdigheiter
Studenten kan
- berekne ulike grunnleggande tekniske- og energetiske- parametrar knytt til energisystem
- vurdere den økonomiske lønsemda til prosjekt innan fornybar energi og kunne evaluere ein del av dei samfunnsøkonomiske konsekvensane
- bruke teoriar og omgrep på verkelegheitsnære problemstillingar/case knytt til fornybar energi
- vurdere kva føresetnader, muligheiter og avgrensingar som gjeld for innsamling av data og analysere data ved hjelp av ulike metodar og programvare
- samle data- og dokument-grunnlag til konsesjonssøknader og planleggings- og reguleringsplanar, samt analysere eksisterende søknader/planar i konteksten til lov- og regelverk knytt til utbygging av fornybar energi-prosjekt
- søkje fram kunnskapskjelder av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale fagdatabasar, samt meistre referansehandtering
Kompetanse
Studenten
- har grunnleggande tverrfagleg kompetanse om fornybar energi si rolle i samfunnet og samspel med den fysisk verda på ulike nivå, og
- kan løyse enkelt- og tverrfaglege problemstillingar knytt til noverande og framtidig bruk av fornybar energi
Emneomtalane gjev nærare informasjon om læringsutbyte.
Innhald
Bachelorprogrammet er treårig på til saman 180 studiepoeng.
Bachelorprogrammet er tverrfagleg i oppbygging, og dekker alle hovudgreiner i vitskapen, dvs. formell- (20 studiepoeng), fysisk- (10 studiepoeng), økologi- (10 studiepoeng), samfunns- (45 studiepoeng), anvendt- (75 studiepoeng) vitskap, i tillegg til bacheloroppgåve (20 studiepoeng). Denne tverrfaglege forma tar for seg tema fornybar energi frå mange disiplinar/perspektiv ogtilrettelegg for at studentane utviklar ei heilskapleg forståing for fornybar energi si rolle i samfunnet og for fysisk/naturmiljø.
Sjå studieplanen og dei individuelle emneomtalane for meir informasjon.
Arbeidsformer
Forelesingar, diskusjonar, seminar, gjesteforelesingar, gruppearbeid, innleveringar, øvingar, ekskursjonar, lab- og feltarbeid.
Nærare omtale av undervisnings- og læringsformer går fram av omtalen av dei einskilde emna.
Vurderingsformer
Fleire emne har obligatoriske arbeidskrav enten i form av laboratorieøvingar, feltarbeid, ekskursjonar eller skriftlege innleveringar/oppgåver. Godkjende arbeidskrav er eit vilkår for at studenten skal kunne gå opp til eksamen i dei aktuelle emna. Emneomtalane gjev nærare informasjon om arbeidskrav.
Evalueringsformene er varierte og kan vere skriftleg bachelor-/semester-/prosjekt-oppgåve, skriftleg skule- eller heimeeksamen, munnleg eksamen og mappevurdering. Nærare opplysningar er gitt under dei einskilde emneomtalane.
Internasjonalisering
Det er lagt til rette for studieopphald i utlandet i fjerde eller femte semester. Institutt for Miljø- og Naturvitskap (IMN) har samarbeidsavtaler for studentutveksling med universitet og høgskular i fleire land. Emnevalet skal førehandsgodkjennast av HVL.