Hopp til innhald

Studieplan - Engelsk 2, 1.-7. trinn

Hausten 2023

Studietilbodet Engelsk 2, 1-7 er videreutdanning i engelsk for lærarar. Innhaldet i studiet rettar seg i hovudsak mot undervisning på barnetrinnet.

Innhald

Studiet har to emne på 15 studiepoeng kvar, som bygger på kvarandre. Emne 1 vert undervist i haustsemesteret og emne 2 i vårsemesteret. Engelsk 2 bygger på Engelsk 1.

Studiet gir større innsikt i språkopplæring, fagkunnskap og fagdidaktikk på barnetrinnet. Det omfattar òg vidareutvikling av din eigen språkferdigheit og tekstkompetanse.

Arbeidsformer

Undervisninga er på engelsk og er nettbasert. Nettundervisninga består av forelesingar, presentasjonar, seminar og gruppeinndelte økter.

Vurderingsformer

  • Emne 1: Heimeeksamen, 2 veker og heimeeksame, 3 timar
  • Emne 2: Semesteroppgåve og munnleg eksamen

Internasjonalisering

I studiet inngår tur til Det norske studiesenteret i York. Turen tilbys som ein del av undervisninga i emne 2 om våren, men er ikkje obligatorisk.