Mann sitter foran bærbar pc. Han har hodetelefoner på hodet, og han noterer i en notatbok. Bak ham er det mange bokhyller.

Engelsk 2 | 5.-10. trinn | nettstudium

Vidareutdanning på bachelornivå

Studietilbodet Engelsk 2, 5-10, gjev vidareutdanning i engelsk for lærarar. Studiet er i hovudsak for deg som underviser på mellom- og ungdomstrinnet, og som har 30 studiepoeng i engelsk frå tidlegare.

Nettstudium

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

    Du må ha minst 30 studiepoeng i engelsk frå tidlegare.

    Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvikast dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.

    Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til, kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

    Alle må ha tilgang til ein skuleklasseSøkarar utan fast undervisningsstilling må dokumentere tilgang til ein klasse for å kunne utføre obligatoriske læringsaktivitetar i løpet av studiet. 

    Prioritering av søkjarar 

    Søkjarar med innvilga frikjøp til vidareutdanning frå arbeidsgjevar blir prioriterte i opptaket. Dersom det er fleire kvalifiserte søkarar enn tilgjengelege studieplassar, blir søkarane rangerte etter karakterar frå opptaksgrunnlaget. 

    Dokumentasjon på innvilga frikjøp og/eller stadfesting på tilgang til skuleklasse skal dokumenterast med følgjande skjema: Skjema for frikjøp og eller tilgang til ein skuleklasse eller barnehage nn.pdf

    Søknadsfrist er 15. april, og dette er òg fristen for å laste opp all dokumentasjon.

    Frå 2026 er det endringar i stipend- og vikarordninga. Frikjøpsmidlane blir utbetalte til kommunar, fylkeskommunar og private skular.
    Les meir om Endringer i ordningene for kompetanseutvikling fra 2026 | udir.no

    Korleis søke:

    • Logg inn i Søknadsweb.
    • Vel opptak "Lærar, barnehagelærar og tolking".
    • Vel så "Vidareutdanning pedagogiske fag/lærarutdanning haust 2026".
    • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå studienummer under).
    • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad".
    • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet.
    • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden. 

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

     

    Om ledige studieplassar
    Viss det blir ledige studieplassar, må opptakskrav og stadfesting på tilgang til skuleklasse dokumenterast når du søker. 

    Studiekode i Søknadsweb

    8668

    Kvifor studere engelsk?

    Med denne vidareutdanninga i engelsk får du djupare innsikt i språkopplæring, fagkunnskap og fagdidaktikk på mellom- og ungdomstrinnet. Du får òg høve til å vidareutvikle dine eigne språkferdigheiter og tekstkompetanse. Studiet Engelsk 2 bygger vidare på Engelsk 1.

    Kva lærer du?

    • Du får betre innsikt i språkopplæring, fagkunnskap og fagdidaktikk på mellom- og ungdomstrinnet.
    • Studiet omfattar vidareutvikling av språkferdigheiter og tekstkompetanse og gjev ei innføring i eit rikt og variert utval av tekstar – både til personleg og fagleg vekst og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomstrinnet.
    • Du oppnår djupare kunnskap om den grammatiske og fonologiske strukturen i det engelske språket.
    • Studiet legg vekt på kva som kjenneteiknar elevar på ulike trinn og deira språkutvikling.
    • Du lærer òg om tema som kommunikasjon, språkleg og kulturelt mangfald, vurdering og utvikling av digitale ferdigheiter i engelskfaget.

    Les meir om emna og eksamen her:

    Målgruppe

    Lærarar som underviser i engelsk og som ønsker personleg og fagleg vekst til bruk i undervisning. 

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Dette er eit nettstudium med obligatorisk digitalt oppmøte kvar torsdag kl. 13.30-15.30. All undervisning er på engelsk. 

    Du finn datoar og tidspunkt for nettøktene under Dato for nettundervisning under.

    Nettundervisninga består av forelesningar, presentasjonar, seminar og gruppeinndelte økter.

    Me nyttar læringsplattforma Canvas og konferanseverktøyet Zoom til kommunikasjon med studentane.Du vil få tilgang til Canvas med meir informasjon før studiestart.

    Praktisk erfaring frå yrket ditt vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at du skal tilføre skulen du underviser på, oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.

    I studiet inngår tilbod om ei vekes tur til Det norske studiesenteret i York. Turen er ein del av undervisninga i emne 2 om våren, men er ikkje obligatorisk. Du må sjølv dekkje reiseutgifter, opphald og kursavgift. Dersom du ikkje kan delta, får du tilbod om eit alternativt opplegg. Sjå: https://www.york.ac.uk/nsc/short-courses/ 

    Datoar for nettundervisning

    Nettundervisning med obligatorisk digitalt oppmøte i sanntid:

    Haust 2026
    Orienteringsmøte 13.08.2026 kl. 13.30–14.30
    Nettundervisning på torsdagar kl. 13.30–15.30
    Undervisningsstart 20.08.2026

    Vår 2027
    Orienteringsmøte 07.01.2027 kl. 13.30–14.30
    Nettundervisning på torsdagar kl. 13.30–15.30
    Undervisningsstart 14.01.2027

     

    Pensum

    Pensumlista for haustsemesteret vert publisert på hvl.no 1. juli. 

    Andre interessante studietilbod

    Ønsker du å styrke din kompetanse som lærar? Her er oversikta over vidareutdanningar innan ordninga «Kompetanse for kvalitet» frå Høgskulen på Vestlandet.

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs